Ein gut er på veg til skulen i Sør-Afrika. Vegen fram mot nye utviklingsmål er lang og utfordringane er mange når det no nærmar seg ein slutt.
Foto: Themba Hadebe / ApTal frå FN viser at det i stor grad har gått den rette vegen dei siste åra, med nokre unntak sjølvsagt.
Måla om å halvere verdas ekstreme fattigdom, redusere spreiinga av dødelege sjukdommar og halvere delen av menneske som ikkje har reint vatn er alle oppnådd, ifølge FN. Også målet om å styrke kvinners stilling er nærast oppfylt.
«Kroneksempelet Etiopia»
Eit av landa som har opplevd stor framgang dei siste åra er Etiopia, og det var det få som hadde trudd i 1984, då landet var utsett for ei sveltekatastrofe.
Berre nokre tiår seinare er landet i full vekst – 10 prosent årleg. Den ekstreme fattigdomen er halvert, og spreiinga av sjukdommar som HIV/Aids og malaria er redusert. Og sjølv om menneskerettssituasjonen i landet stadig vert kritisert, så peikar mange piler framleis oppover.
Og mykje av takken får tusenårsmåla – dei åtte ambisiøse måla for å redusere fattigdom som alle FN-landa vart einige om ved tusenårsskiftet.
- Les meir om tusenårsmåla på FN-sambandet sine sider:
Om du vil at livet skal visne, så skaff deg Aids, står det på plakaten til jentene i India. Dei markerer verdas Aids-dag.
Foto: AIJAZ RAHI / ApNye mål i emning
Men sjølv om dei åtte måla vert omtalt som ein stor suksess, så er det framleis mykje utviklingsarbeid som står att. Når det no skal lagast nye utviklingsmål er kampen beinhard for å få nettopp si hjartesak på lista.
Arbeidet med å lage ei nye liste byrjar å gå mot ein slutt, og det er ambisiøse planar som no ligg på forhandlingsbordet.
For ambisiøse, seier nokre. Ved hjelp av 17 hovudmål og 169 delmål skal ein framleis arbeide mot fattigdom, men også økonomiske skilnader og klimaendringar.
Kritikarane er redde for at desse mange og sprikande måla ikkje vil ha den same samlande effekten som tusenårsmåla hadde.
Den enorme dammen i Etiopia er eit teikn på eit land i ei rivande utvikling.
Foto: TIKSA NEGERI / Reuters– Skal gjelde alle – også Noreg
Andre framhevar den demokratiske prosessen for å utarbeide dei nye måla som ein siger i seg sjølv. Ikkje berre deltek alle FN-land i utforminga av dei nye såkalla bærekraftmåla, men også representantar for det sivile samfunn.
– Dei nye måla er viktige fordi dei også skal gjelde alle land, medan tusenårsmåla som går ut i år berre omhandlar dei fattige landa og korleis vi skulle hjelpe dei, seier rådgjevar Borghild Tønnessen-Krokan i Forum for Miljø og utvikling.
- LES OGSÅ:
Borghild Tønnessen-Krokan meiner dei nye måla er viktige fordi dei denne gongen skal gjelde alle land, og ikkje berre utviklingsland.
Foto: Christopher OlssønTønnessen-Krokan meiner me må ta måla på alvor også her i Noreg.
– Dei nye måla, som også omfattar miljø, skal nå fram til alle menneske. Så då må vi her heime sjå på om vi gjer nok for å kjempe miljøproblema, korleis vi bidreg.
I juli er det planlagd toppmøte i nettopp Etiopia. Der er målet å få på plass finansieringa av måla, noko Noreg og Guyana har fått hovudansvaret for å klare.
– Møtet er viktig. Om ein ikkje får pengar på bordet vert det også vanskelegare å overvinne klimaendringar og fattigdom dei neste 15 åra. Så møtet, og ikkje minst at politiske leiarar tek ansvar, er avgjerande, seier Tønnessen-Krokan.