Hopp til innhold

Kald natt for jordskjelvoffera

Jordskjelvoffera i Italia har frose seg gjennom natt nummer to etter det øydeleggjande jordskjelvet natt til måndag.

Video nsps_upload_2009_4_8_8_40_33_2733.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Samstundes går redningsmannskapa gjennom ruinane av samanraste bygningar i håp om å finne fleire overlevande. Hittil er 250 menneske stadfesta døde etter skjelvet, og over 100 er alvorleg skadde.

Seint i går kveld vart ei 20 år gammal kvinne gravd fram frå ein samanrasa studentheim i L'Aquila. Bestefar Renato Calesini gret av glede då barnebarnet hans Eleanora vart berga.

Video nsps_upload_2009_4_7_20_45_43_2723.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sorg og glede

Men andre igjen fekk ein beskjed dei hadde frykta.
Fire andre studentar vart funne omkomne i ruinane av den same studentheimen.

I går vart ei 98 år gammal kvinne berga ut av ein samanrasa bygning. Ho var i fin form, og sa at ho hadde brukt dei 30 timane frå skjelvet til ho vart funnen til å hekle.

Statsminister Silvio Berlusconi har opplyst at 7000 politifolk, soldatar, redningsarbeidarar og frivillige deltek i leitinga etter overlevande. Leitinga vil halde fram i minst eitt døgn til.

Kald natt

Politifolk inspiserer skadane i sentrum av L'Aqila

Politifolk inspiserer skadane i sentrum av L'Aqila

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / AFP

Det har vore svært kaldt i natt, men redningsmannskapa har arbeidd for fullt. Det kraftige etterskjelvet i går kveld, der ein person miste livet, gjorde at skadde bygningar vart endå meir øydelagde.

Både ei kyrkje og jernbanestasjonen i L'Aquila kollapsa som følgje av etterskjelvet.

Også i natt har det vore fleire ettersjokk, det siste kom ved 06.30 tida i dag tidleg. Desse skjelva gjorde ikkje noko skade, men dei blir opplevd som traumatiserende av dei 17.000 som er heimlause etter skjelvet.

Det var ei kald natt for dei mange som bur i telt.

Det var ei kald natt for dei mange som bur i telt.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / AFP

Dei fleste har overnatta i den store teltleiren som er reist på ei opa slette utanfor L'Aquila, men mange har også i natt overnatta i bilane sine. Det er framleis ikkje nok telt til alle som har vorte heimlause.

- Folk er svoltne

Frivillige frå den katolske hjelpeorganisasjonen Misericordia di Roma san Romano gjekk frå bil til bil med teppe og varm mat.

- Det er 150 bilar her, og i kveld har vi servert 220 varme måltid. Folk er svoltne, seier ein av dei frivillige.

Det er også altfor få toalett til dei mange som ikkje lenger har ein heim.

- Dei to siste nettene har eg sove tre timar. Eg er fysisk og psykisk utsliten på grunn av søvnmangel og frykt, seier 35 år gamle Ilaria Ciani, som bur i telt på ein idrettsstadion utanfor L'Aquila.

Politiet har patruljert det historiske sentrum i L'Aquila i natt i frykt for plyndring av både husvære og butikkar.

Heimlause etter jordskjelvet gjer seg klar til ei ny natt i telt.

Heimlause gjer seg klar til ei ny natt i telt.

Foto: MARIO LAPORTA / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt