NRK Meny
Normal

– French har full støtte frå Noreg

KINSHASA/OSLO (NRK) Spesialutsending Kai Eide har gitt lovnader om full støtte frå Noreg til Joshua French. – Korleis eg skal få han ut av fengsel i Kongo vil eg halde for meg sjølv, seier han.

Kai Eide utenfor fengselet i Kinshasa, Kongo, hvor han nettopp har møtt Joshua French

HAR MØTT FRENCH: Kai Eide seier Joshua French er ved godt mot etter å ha besøkt han i fengselet i Kinshasa.

Foto: Øyvind Rønning Nyborg / NRK

Spesialutsending Kai Eide seier til NRK at han har hatt ein lang og god samtale med Joshua French i fengselet i Kongo.

– French er ved godt mot, men han lev under vanskelege vilkår og har vore gjennom traumatiske opplevingar den seinare tida. Eg trur det har verka oppmuntrande på han at merksemda hos norske styresmakter er så stor, seier Eide til NRK.

– Skal få French ut av fengsel

Under det første møtet med French i dag, formidla Eide eit løfte om full støtte frå Noreg, men han vil ikkje seie korleis han planlegg å gå fram. Målet er i alle høve å få han ut av fengselet.

– Min strategi for å få Joshua French ut av fengsel i Kongo vil eg halde for meg sjølv, seier Eide.

– UD gjer det vi kan. Vi vurderer ulike handlingsalternativ. Eg skal møte French kvar dag for å bli kjent med han, og skal ha fleire møter med kongolesiske styresmakter på høgt plan i løpet av dagen, seier han.

VIDEO: Kai Eide seier det var eit godt møte, etter at han kom ut frå fengselet der Joshua French sit.

Spesialutsending Kai Eide sier at han hadde et godt møte med Joshua French i fengselet i Kinshasa i Kongo.

Ueinige med kongolesiske styresmakter

French blei for eit par dagar sidan tiltalt for å ha drepe cellekameraten Tjostolf Moland, noko norske styresmakter meiner ikkje stemmer.

Spesialutsending Kai Eide.

PRIORITERT: Kai Eide seier det har vore av høg prioritet å få snakka med Joshua French.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Kripos deltok i obduksjonen av Moland, og det blei ifølgje dei ikkje gjort funn som tyder på at det har skjedd noko kriminelt.

Det blei ifølgje Kripos funne spor av alkohol i blodet til Moland, men ikkje av roande legemiddel slik kongolesiske styresmakter brukte som bakgrunn for å ta ut drapstiltale mot Joshua French.

Dei meiner Moland blei dopa ned og kvelt av kameraten på cella.

Førte til toppmøte

Joshua French

TILTALT: Joshua French er tiltalt for drapet på cellekameraten Tjostolv Moland, men norske Kripos fann ikkje spor av dopet kongolesiske styresmakter hevdar å ha funne under obduksjonen.

Foto: Kristian Aanonsen / NRK

Drapstiltalen utløyste reaksjonar i utanriksdepartementet, som umiddelbart tok kontakt med kongolesiske styresmakter for å snakke om situasjonen til French.

Eide er ein av dei mest erfarne diplomatane i Noreg, og har vore i Kongo fleire gongar tidlegare. Eide har blant anna vore NATO-ambassadør og FNs spesialutsending i Afghanistan.

Han reiste til Kongo etter møter i UD med mellom andre Joshua French si mor Kari Hilde French, advokat Hans Marius Graasvold og utanriksminister Børge Brende (H).

Han erstattar UD sin spesialutsending Andreas Gaarder, som blei sendt til Kongo etter at det blei kjent at French var tiltalt for å ha drepe Tjostolv Moland.

LYDKLIPP: Høyr Kai Eide rett etter møtet med French i fengselet i Kongo:

Kai Eide forteller om møtet med Joshua French i fengselet
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt