Hopp til innhold

Hunter Biden funnen skuldig våpensaka

Sonen til USAs president Joe Biden er funnen skuldig i alle tre tiltalepunkt. Presidenten seier at han aksepterer utfallet.

Hunter Biden

SKULDIG: Hunter Biden er USAs president Joe Biden sin eldste son.

Foto: Matt Slocum / AP

Joe Bidens eldste son, Hunter Biden, er funnen skuldig i alle dei tre tiltalepunkta knytt til kjøpet av ein revolver i 2018.

Det har den føderale domstolen i Delaware bestemt.

54-åringen skal ha loge om narkotikaforbruket sitt då han kjøpte kjøpevåpenet. I tillegg skal han ha oppbevart våpenet ulovleg, nettopp fordi han misbrukte narkotika.

Biden har nekta straffskuld, og sagt at han var på rehabilitering då han kjøpte våpenet.

I teorien kan han få opptil 25 års fengsel og måtta betala 700.000 dollar. Det er framleis uklårt kva straff han vil få.

Hunter Biden WILMINGTON, DELAWARE - JUNE 11: (L-R) First lady Jill Biden, Hunter Biden, son of U.S. President Joe Biden, joined by his wife Melissa Cohen Biden, leave the J. Caleb Boggs Federal Building on June 11, 2024 in Wilmington, Delaware. A federal jury has convicted Hunter Biden on all three federal felony gun charges he faced. Anna Moneymaker/Getty Images/AFP (Photo by Anna Moneymaker / GETTY IMAGES NORTH AMERICA / Getty Images via AFP)
Vis mer

Hunter Biden på veg ut av rettsbygningen i Wilmington, Delaware saman med kjærasten og førstedame Jill Biden.

Foto: Anna Moneymaker / AFP

Brorens enke fann våpenet

Biden skal ha hatt det aktuelle våpenet i elleve dagar, før enka til bror hans fann det, og kasta det i søpla.

For å få lov til å kjøpa våpenet måtte han skrive under på at han ikkje misbrukte narkotiske stoff. Dette er dette retten meiner var eit lovbrot.

Biden har sjølv vore open om bruken av crack, og korleis han klarte å slutta for over fem år sidan.

Forsvaret har prøvd å bevisas at Biden ikkje såg seg sjølv som «avhengig» då han underteikna våpendokumenta.

Kathleen Buhle

Kathleen Buhle var gift med Hunter Biden i over 20 år. Onsdag vitna ho i rettssaka mot eksmannen.

Foto: Matt Slocum / AP/NTB

Ekskona vitna om rusmisbruk

I rettssaka mot han har blant anna ekskona og ekskjærasten vitna.

Kathleen Buhle var gift med Biden i over 20 år, og dei har tre barn saman.

Då dei skilde seg, skulda ho ektemannen for å rote bort pengane på narkotika, alkohol, strippeklubbar og prostituerte.

Ho sa at ho frykta Biden rusa seg etter at han blei kasta ut av Marinen på grunn av bruk av kokain i 2014, skriv CNN.

Men det var først då ho fann ei crack-pipe heime i 2015, at Biden vedgjekk at han rusa seg. Dette var kort tid etter at storebroren til Hunter, Beau Biden, døydde av hjernesvulst.

Election 2024 Biden Ohio

Joe Biden blir den første presidenten med eit nær familiemedlem som er dømd for eit lovbrot medan han sjølv var president.

Foto: Alex Brandon / AP

Joe Biden: – Stolt av mannen han er i dag

Joe Biden seier at han aksepterer utfallet av saka, men at han er stolt av den sonen er no.

– Jill og eg elskar sonen vår, og me er stolte av mannen han er i dag. Familiar som har kjære som kjempar mot avhengigheit forstår kjensla av stoltheit når du ser nokon du elskar kome ut på andre sida, seier han, ifølge Sky News.

I tillegg seier han at dei no vil respektera rettsprosessen.

– Eg vil fortsetta å respektera rettsprosessen medan Hunter vuderer å anka, seier USAs president.

At Hunter Biden no er funnen skuldig gjere Joe Biden til den første sittande presidenten nokosinne som har hatt eit nært familiemedlem dømd for lovbrot, ifølge CNN.

Det trass i at handlingane Biden no er funnen skuldig i fann stad før hans far vart president.

SISTE NYTT

Siste nytt