Hopp til innhold

Skyskraparar svaia under jordskjelv i Washington

Eit jordskjelv har råka Washington-regionen i USA. – Eg blei kvalm, seier NRKs korrespondent Anders Tvegård.

Jordskjelv i Washington

Folk er redde og har trekt ut i gatene etter at eit jordskjelv fekk bygningar til å rista i Washington tysdag kveld norsk tid.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Jordskjelvet målte 5.8 i styrke og hadde sitt senter i Richmond i Virginia, 87 kilometer sørvest for Washington DC, melder US Geological Survey.

«Må vera eit kraftig jordskjelv her i Washington. Heile kontorbygget vårt ristar kraftig», skriv NRKs korrespondent Anders Tvegård på Twitter.

Både Pentagon og Capitol Hill er evakuert som følgje av skjelvet, som fekk skyskraparar på austkysten til å svaia.

Kraftigaste på lang tid

Jordskjelvet kunne kjennast på kysten frå Virginia til Bosten, og skal vera det største i regionen på fleire tiår.

Det er førebels ikkje rapportert om personskadar, men tre tårnspir har knekt av den høgaste bygningen i Washington, Washington National Cathedral, opplyser Reuters.

– Heldigvis har me ikkje fått opplysningar om alvorlege skadar, seier borgarmeisteren i New York, Michael Bloomberg i ei kunngjering tysdag kveld.

– Kvalm og sjøsjuk

Anders Tvegård

Anders Tvegård.

Foto: NRK

NRKs USA-korrespondent Anders Tvegård sat og redigerte ein TV-reportasje til NRK i toppetasjen på eitt av dei høgaste bygga i Washington då skjelvet kom.

– Eg blei kvalm og sjøsjuk. Eg har opplevd skjelv i Japan, men dette var verre fordi bygga her ikkje er konstruert for rystingar, fortel Tvegård på fasttelefon frå kontoret sitt, som ligg ti minutt unna Det kvite hus.

Høyr Jon Gelius fortelja om jordskjelvet på telefon frå New York.

Han fortel at mobilnettet og internett har vore nede, og store folkemengder har trekt ut i gatene.

– Høgbygget rista kraftig, takplatene og golvet rista som om det stod eit hakkebor under oss, fortel Tvegård.

Politi og brannbilar køyrer no rundt i gatene med sirener og alarmane ular frå bygg og bilar.

– Folk som har budd her lenge, seier at dei aldri har opplevd eit så kraftig skjelv, legg korrespondenten til.

– Trudde det var ei bombe

NRKs andre USA-korrespondent, Jon Gelius, var i New York for å dekkja rettssaka mot Dominique Strauss-Kahn då skjelvet kom. Også der var skjelvet sterkt merkbart.

– Mange her trudde det var ei bombe. Særleg sidan det kom så tett opp til 11.september. Forsvarsdepartementet tek heller ingen sjansar, og har evakuert fleire offentlege bygg seier Gelius.

Ved flyplassane Newark og John F. Kennedy i New York vart trafikken mellombels stoppa i om lag 90 minutt medan flyplass-leiinga inspiserte kontrolltårn og rullebanar. Rundt klokka 21 norsk tid var flytrafikken i gang att.

Store flyplassar i Washington og Philadelphia blei også evakuerte like etter skjelvet. Brannmannskap vart sende inn på ein terminal ved Ronald Reagan-flyplassen i Washington etter mistanke om ein gasslekasje, men faren skal no vera over.

Fleire tusen flypassasjerer blei råka av forseinkingane i flytrafikken.

Tenkte på 11.september

Joachim Hansen

Joachim Hansen arbeider på eit hotell i New York og var på jobb i 44.etasje då jordskjelvet råka.

Foto: Privat

Norske Joachim Hansen jobbar på eit hotell på Jersey-sida av Hudson-elva i New York. Han var på ein rutineinspeksjon i 44.etasje då hotellet begynte å rista.

– Det var heilt uverkeleg. Eg mista balansen og er faktisk litt småskjelven enno, seier Hansen ei stund etter at skjelvet råka.

Også han frykta at terroristar hadde slått til.

– Det første eg tenkte på var den 11.september, og at det var ei bombe som no hadde eksplodert. Men så forstod eg at det var eit jordskjelv, fortel 24-åringen.

Mange av dei som bur på hotellet han jobbar på er nordmenn, men ingen av gjestene har kome fysisk til skade.

Video Jordskjelv i USA

Statsadvokaten i New York Cyrus Vance heldt pressekonferanse då den blei avbroten av jordskjelvet.

Saka vert oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt