Hopp til innhold

Jordskjelv på 6,4 på Andaman-øyane

Eit jordskjelv målt til styrke 6,4 har råka øygruppa Andaman mellom India og Thailand.

Varslingssenteret for tsunamiar i Stillehavet meiner det er lite truleg at skjelvet har skapt øydeleggande bølgjer.

– Skjelv av denne storleiken genererer av og til lokale tsunamiar som kan vere øydeleggande langs kysten innanfor nokre hundre kilometer frå senteret av skjelvet, seier varslingssenteretet i ei fråsegn.

Dei oppfordrar likevel land i nærleiken om å vere merksame på at det kan kome bølgjer.

Skjelvet hadde senter 127 kilometer under havoverflata 75 kilometer aust for byen Port Blair, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Skjelvet skjedde klokka 1.21 lokal tid.

SISTE NYTT

Siste nytt