Det var kraftig skyting i Hebron etter drapet på ei eitt år gammal jødisk jente. (APNTV)
Det er ei talskvinne for den israelske hæren som opplyser dette. Talskvinna seier at væpna palestinarar opna eld mot familien sitt hus i den jødiske busetjinga Avraham Avinu, og barnet vart treft i hovudet. Faren til jenta er sendt til sjukehus med alvorlege skadar.
Snikskyttar
Eit augevitne fortel at ein palestinsk snikskyttar først skaut eit skot mot hovudet til den vesle jenta, som vart drepen momentant. Deretter skaut han faren til jenta i foten. Før dette vart det ikkje løyst skot.
Sanitetspersonell prøvde å berge livet til den vesle jenta, medan israelske soldatar og palestinarar skaut mot kvarandre. Skotvekslinga etterpå skal vere den hardaste i Hebron sidan det palestinske opprøret starta for vel eit halvt år sidan.
Hæren ser på hendinga som svært alvorleg. Den vesle jenta er truleg det yngste dødsofferet i løpet av den palestinske oppstanden, som starta for vel eit halvt år sidan.
Blokade
Israel seier at landet vil gjeninnføre blokaden av Hebron som svar på drapet på den vesle jenta. Dette vart klart etter eit møte mellom statsminister Ariel Sharon og forsvarsminister Benjamin Ben-Eliezer. Samstundes blir det innført portforbod i Abu Sneinah, området det vart skote frå då jenta vart drepen.
I kveld skal den israelske hæren ha tvunge dei palestinske innbyggjarane i nabolaget det vart skote frå til å evakuere heimane sine. Det er uklart kor mange menneske dette gjeld.
Israels statsminister Ariel Sharon har skulda dei palestinske styresmaktene for å bevisst intensifere uroa i samband med det arabiske toppmøtet som startar i den jordanske hovudstaden Amman i morgon.
I dag var minst 12 palestinarar skadde i ulike samanstøytar i Gaza og på Vestbreidda. Israelske soldatar svarte på steinkasting med å skyte gummukuler mot demonstrantane.
364 palestinarar, 67 israelske jødar, 13 israelske arabarar og ein tysk statsborgar er drepne etter at den palestinske oppstanden starta i månadsskiftet august-september i fjor.
Hebron har 40.000 palestinske innbyggjarar og rundt 400 jødiske nybyggjarar. Det har ofte vore uro mellom dei to folkegruppene i byen.