Hopp til innhold

Japansk verdsarv gjekk opp i flammar

Store delar av det Shurijo-palasset på øya Okinawa i Japan har brunne ned til grunnen. Det over 500 år gamle palasset står på Unescos verdsarvliste.

Brannen i Shurijo-palasset sør på øya Okinawa starta natt torsdag. Ifølgje politiet har hovudbygget, Seiden-tempelet, og ei av nabobygningane brunne ned til grunnen. Det brann også i ei anna bygning, melder den japanske kringkastaren NHK.

Luftfoto etter brannen i Shurijo-palasset på Okinawa.

Frå lufta kan ein sjå skaden brannen har gjort på det over 500 år gamle palassområdet på Okinawa.

Foto: STR

Det er ikkje rapportert om skadde etter brannen, men bebuarar blei evakuerte medan brannmannskapa arbeidde med å få kontroll på flammane. Sløkkearbeidet tok fleire timar, skriv The Guardian.

Brann i Shurijo-palasset på Okinawa

Folk som budde i nærleiken av Shurijo-palasset måtte evakuerast medan sløkkearbeidet heldt på.

Foto: KYODO / Reuters

Populært turistmål

Palasset blei bygd for over 500 år sidan, og blei utpeikt til japansk kulturskatt i 1933. Under andre verdskrigen blei palasset nesten heilt øydelagt i eit slag der over 200.000 amerikanarar og japanarar mista livet.

Dagens palass er ein rekonstruksjon bygd på det gamle, men dei originale delane av området står i dag på Unescos verdsarvliste.

Shurijo-palasset på Okinawa i oktober 2016

Shurijo-palasset er eitt av verdas mest populære reisemål, og står på Unescos verdsarvliste.

Foto: AP

Palasset blei restaurert og gjenopna i 1992.

Shurijo-palasset er også eit populært turistmål. Ifølgje nettstaden Worldatlas er palasset den tiande mest besøkte staden i verda med over 1,7 millionar besøkande kvart år.

Ukjent brannårsak

Det var eit turistarrangement i palasset tidlegare denne veka. I etterkant av dette arrangementet blei det gjort noko arbeid på palasset. Men politiet veit ikkje om brannen kan setjast i samanheng med dette arbeidet, seier Ryo Kochi, som er talsmann for Okinawa-politiet, til The Guardian.

– Brannen starta i hovudtempelet, og ser ut til å ha spreidd seg raskt til alle hovudbygningane, seier han.

Ordføraren i Naha, der palasset ligg, Mikiko Shiroma, lova å gjere det ho kan for å redde det som er igjen av palasset.

– Det kjennest som om vi har mista eit symbol. Eg er sjokkert, seier ho til nyheitsbyrået AP.

Brannmannskap driver etterslokking av Shurijo-palasset.

Brannmannskapa har kontroll på flammane, men driv framleis med ettersløkking etter storbrannen i natt.

Foto: Jun Hirata / AP

Historikaren Kurayoshi Takara, som deltok i rekonstruksjonen av palasset, seier han ikkje finn ord for det som har skjedd.

– Eg kan framleis ikkje forstå at dette har skjedd. Det har teke over 30 år og det var eit monument over visdom og innsatsen til mange menneske, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt