Den radikale islamistiske gruppa Ansar al Sunna kunngjorde i dag at dei har drepe 44 år gamle Akihiko Saito, som har arbeidd som tryggingsvakt for eit britisk selskap.
Han var tidlegare fallskjermsoldat i den franske framandlegionen.
Gisselen Akihiko Saito då han var soldat i den franske framandlegionen. (Foto: AP/Scanpix)
På eit videoopptak som er lagt ut på Internett biir det vist bilete av mannen sitt pass og ID-papira hans, samt det som truleg er liket av han.
Ein tilsett ved den japanske ambassaden seier at det høgst truleg er liket av den japanske gisselen. Han har vore sakna sidan 8. mai, etter at opprørarar gjekk til angrep på militærkolonna han eskorterte.
Nye bomber
To bilbomber gjekk i lufta i løpet av kort tid utanfor ein felles amerikansk-irakisk-militærbase i Sinjar i det nordlege Irak i dag. Minst sju menneske er drepne, og så mange som 70 skal vere skadde.
Dei fleste som vart ramma av bombene var sivile som arbeidde ved basen og irakiske soldatar, opplyser ein talsmann ved det lokale sjukehuset.
I går kveld eksploderte sprengde ein mann bilen sin i lufta like ved ei kolonne av irakiske politibilar i Tikrit, og her vart to sivile drepne, og 24 skadde. Ni av dei skadde var politifolk.
Tikrit er heimbyen til den avsette dikatoren Saddam Hussein, og er eit av områda i Irak der det gamle regimet har sterkast støtte.