Hopp til innhold

To fly i brann etter kollisjon – fem personar døydde

Fem personar mista livet då to fly kolliderte på rullebana på Haneda-flyplassen i Tokyo. Fleire hundre personar kom uskadd frå hendinga.

Brann i et fly med 385 personar ombord i Japan

Brann i et fly med 385 personar om bord i Japan

Fem personar er døde etter at eit passasjerfly på Japan Airlines kolliderte med eit fly frå den japanske kystvakta. Det stadfestar transportministeren Tetsuo Saito.

379 passasjerar og mannskap om bord på passasjerflyet skal vere trygt evakuerte, melder den japanske kringkastaren NHK.

Fem personar som var mannskap på kystvaktflyet er døydde etter kollisjonen, melder Kyodo News og den japanske kringkastaren NHK.

Berre kapteinen overlevde.

Dei fem omkomne var lenge sakna samstundes som at flyet stod i brann. Kapteinen på det mindre flyet er trygt evakuert.

– Såg ikkje

Kva som er årsak til ulykka, er så langt ikkje kjend.

Passasjerflyet kom frå Shin-Chitose-flyplassen på den japanske øya Hokkaido, opplyser ein talsperson frå flyselskapet Japan Airlines.

Japan Airlines seier at kollisjonen skjedde nesten umiddelbart etter landing på Haneda-flyplassen i Tokyo.

På ei pressekonferanse natt til onsdag lokal tid, seier leiinga i selskapet at kapteinen hadde fått løyve til å lande. Likevel såg han ikkje det vesle Dash 8-flyet frå kystvakta.

Kystvakta var på veg til Niigata på vestkysten av Japan med naudhjelp til dei som var råka av det kraftige jordskjelvet 1. nyttårsdag. Skjelvet tok livet av 48 personar.

Brannmannskapen forsøker å slokke brannen etter flykræsjen.

Brannmannskapet var raskt på staden for å sløkke brannane.

Foto: Reuters

Svensk familie om bord

Flyselskapet rapporterer at høyttaleranlegget om bord flyet ikkje fungerte under evakueringa. Likevel klarte besetninga å evakuere alle som var om bord, og alle overlevde.

– Heilt plutseleg blei det fullt av røyk og alle byrja å skrike på japansk, seier svenske Anton Deibe (17) til Aftonbladet.

Deibe var på det brennande flyet saman med søstera si og foreldra sine.

– Når det landa såg eg ut av vindauget og det blei heilt varmt. Så kom brannbilar og byrja å sprute på vindauga.

17-åringen fortel til den svenske avisa at i løpet av få minutt blei kabinen fylt med røyk. Då kasta dei seg ned på golvet og rømmingsvegane blei opna.

Japan Airlines' A350 airplane is on fire at Haneda international airport in Tokyo, Japan January 2, 2024

Japan Airlines A350 i full fyr på Haneda-flyplassen i Tokyo.

Foto: Issei Kato / NTB / Reuters

– Det var eit helvetes liv. Vi ante ikkje kor vi skulle og berre sprang ut. Det var kaos.

Mogleg kollisjon med kystvakta

Bilda frå flyplassen viser brannmannskap som forsøker å sløkke brannane i dei to flya. Rullebana og flyplassen er stengd, opplyser flyplassen.

Bilde frå staden viser at passasjerane skal ha evakuert flyet ved å ta i bruk skliene medan flyet stod i brann.

Haneda-flyplassen i Tokyo er ein av to internasjonale flyplassar i den japanske hovudstaden. Den ligg i bydelen Ota heilt sør i Tokyo.

Passasjerar på Haneda lufthavn ser på redningsarbeidet etter flykræsjen.

Passasjerar på Haneda lufthamn ser på redningsarbeidet etter flykrasjen.

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.