Thorbjørn Jagland møtte den omstridde palestinske presidenten i eigenskap av å vere leiar for Midtausten-komiteen i Sosialistinternasjonalen (SIMEC). Israelske styresmakter har sagt at dei ikkje vil snakke med utanlandske politikarar som møter Yasir Arafat.
Ny regjering
Thorbjørn Jagland møtte Yasir Arafat i Ramallah på Vestbreidda. (AP-foto)
Jagland, som også er leiar i utanrikskomiteen i Stortinget, og har vore statsminister i Noreg, møtte både Arafat og Ahmed Kurei, også kjend som Abu Ala, som prøver å stable på beina ei ny palestinsk regjering.
- Det er tydeleg at palestinarane er svært oppsette på å få til ei våpenkvile no. Han meiner det er teikn som tyder på at også den ytterleggåande organisasjonen Hamas kan vere viljuge til det, men at dei knyt ein del vilkår til ei slik våpenkvile.
Tre vilkår
Den palestinske leiinga meiner at det er tre hovudvilkår som må oppfyllast for at det skal bli mogleg å blåse nytt liv i fredsprosessen. For det første stans i bygginga av nye busetjingar. For det andre stans i bygginga av den såkalla tryggingsmuren. Og for det tredje, ei lette av den militære okkupasjonen for å gjere dagleglivet enklare for palestinarane.
Arafat og Kurei gjordet det klart overfor Jagland at dei ytterleggåande palestinske gruppene berre har folkeleg støtte så lenge palestinarane ikkje ser noko håp om ei fredeleg løysing på konflikten med Israel.
Israel har den siste tida kome med fleire utspel for å få fjerna Arafat som palestinsk leiar. Jagland kan fortelje om ein kamplysten Yasir Arafat.
- Han var i beter form enn eg har sett han tidlegare. Han vurderer situasjonen som svært alvorleg, seier Jagland.
Utvising
Jagland er sterk mostandar av det israelske vedtaket om å utvise Yasir Arafat frå dei palestinske områda. Israelske statsrådar har også gått inn for å drepe den palestinske leiaren.
- Alle ser konsevkvensane av å drepe Arafat, men det å isolere han er ikkje særleg meir konstruktivt. Det er etter min meining umogleg å tenkje seg at så lenge han er i live, at nokon palestinsk leiar vil ta sjansen på å skrive under ein fredsavtale med Israel utan Arafats støtte, seier Thorbjørn Jagland.