Hopp til innhold

Italiensk minister reagerer kraftig på at aktivist er sett fri

Sea-Watch kapteinen Carola Rackete vart tysdag sett fri av ein italiensk dommar som avgjorde at det viktigaste er å berge liv til sjøs.

FRI: Carola Rackete

INGEN TILTALE: Carola Rackete forlèt retten 1, juli. Domaren vil ikkje tiltale henne for å ha berga menneskeliv til sjøs.

Foto: GIOVANNI ISOLINO / AFP

Rackete vart arrestert da ho la til kai i Lampedusa med 40 migrantar om bord på redningsskipet Sea Watch 3.

På veg inn til land dulta ho borti ein politibåt som forsøkte å sperre skipsleia.

I det etterfølgande rettsmøtet avgjorde dommar Alessandra Vella at kapteinen ikkje hadde anna val enn å gå til ei italiensk hamn fordi Libya og Tunis ikkje kunne bli rekna som trygge hamner.

Og at det er viktigare å redde liv til sjøs enn å følgje lovene mot menneskesmugling.

– Eg er letta over avgjersla til dommaren, som er ein stor siger for solidariteten med alle menneske på veg, og mot kriminaliseringa av hjelparane i mange land, skriv den 31 år gamle Carola Rackete i ei pressemelding frå Sea Watch.

Migranter fra Libya i land på Lampedusa.

FLYKTET: Migrantene har gått i land på den italienske øya Lampedusa. De har vært om bord siden 12. juni, da de ble reddet opp fra en gummibåt utenfor kysten til Libya.

Foto: ANAELLE LE BOUEDEC / AFP

Rasande innvandringsminister

Italias innvandringsminister Matteo Salvini har tidlegare kalla landgangen til Rackete ei «krigshandling».

Etter at aktivisten vart sett fri, lovar han å deportere henne.

– Denne «stakkars» kvinna prøvde berre å drepe fem soldatar. Eg er mållaus. Kva skal til for å bli sendt i fengsel i Italia, seier han i ein video på Facebook.

Italy Europe Migrants

ER VREID: Innanriksminister Matteo Salvini vil deportere den tyske sjøkapteinen og aktivisten Carola Rackete.

Foto: Riccardo Antimiani / AP

Carola Rackete får støtte

Etter at italienske styresmakter framstilte Rackete som ein farleg kriminell, har ho blitt ein stor kjendis i heimlandet Tyskland.

Støttespelarar har samla inn 1,3 millionar euro for å dekke advokatutgifter, og det var fleire støttedemonstrasjonar i Italia.

Men det var også mange som ropte ukvemsord mot henne da ho forlot retten i Agrigento, Sicilia.

Saka utløyste ordkrig mellom Tyskland og Italia. Tysklands utanriksminister Heiko Maas bad Italia, som ein rettsstat, å sette Rackete fri, medan Salvini svarte med å be Maas oppfordre sine landsmenn til å følgje italiensk lov.

SISTE NYTT

Siste nytt