Hopp til innhold

Israelsk bustadfirma la ut bilde av «draumehus» blant ruinane

«Vakn opp, eit hus på stranda er ikkje ein draum!» skriv selskapet. Men bustadselskapet hevdar det heile var ein spøk.

Israelsk utbyggerfirma publiserte bilde som skal illustrere strandboliger i Gaza.

Det israelske bustadselskapet Harei Zahav reklamerte for nye busettingar på Gaza på Instagram-kontoen deira. I skrivande stund er kontoen deaktivert.

Foto: Harey Zahav

Selskapet Harei Zahav er kjent for å vera ein leiande utbyggar av ulovlege busettingar på Vestbreidda.

Nå promoterer dei busettingar i ruinane av Gaza.

Israelsk utbyggerfirma publiserte bilde som skal illustrere strandboliger i Gaza.
Foto: Harei Zahav / Skjermdump/Instagram

Eit bilde publisert på Instagram illustrerer ei rekke med strandhus i Gaza. I bakgrunnen ser ein palestinske heimar lagt i ruinar.

Under skriv selskapet:

– Ein del av våre tilsette har starta arbeidet med å forbetra området, fjerna avfall og utvisa inntrengarane.

Israelsk utbyggerfirma publiserte bilde som skal illustrere strandboliger i Gaza.

Neve Katif, som selskapet seier dei planlegg å bygga ut, var ei av dei store israelske busettingane i Gush Katif i Sør-Gaza.

Foto: Harei Zahav / Skjermdump/Facebook

Selskapet skriv at dei vil bygga i Gush Katif i Sør-Gaza. Fram til 2005 fanst det 17 ulovlege, israelske busettingar der.

Les også Dokument skal vise Israels plan om å «overføre» palestinerne til Egypt

– Det er ein spøk

Overfor den israelske TV-kanalen Channel 13, hevdar eigar Zeev Epshtein at kampanjen var ein spøk.

– Det er ein spøk. Som eit privat selskap kan me ikkje bestemma at busettinga i Gaza skjer.

– Viss staten Israel bestemmer seg for at me skal tilbake til Gaza og det blir lyst ut anbod, vil me sjølvsagt få gjort utbygginga. Men det ligg ikkje i våre hender. Eg kallar reklamen for eit «blunk».

Israelsk utbyggerfirma publiserte bilde som skal illustrere strandboliger i Gaza.

Harei Zahav la måndag ut eit bilde av israelske soldatar som held eit flagg med logoen til bustadselskapet. «Laget vårt helsar frå Gaza», skriv selskapet i bildeteksten.

Foto: Harei Zahav / SKJERMDUMP/FACEBOOK

At det er snakk om ein spøk eller satire, kjem likevel ikkje fram av innlegget, noko reaksjonane også syner.

Ein brukar skriv til dømes at han har «vidaresendt innlegget til domstolen i Haag». I skrivande stund er kontoen til selskapet deaktivert.

Til Aftenposten seier Epshtein at den einaste vegen til fred er å flytta ein del av befolkninga ut av Gaza og stifta nye busettingar.

NRK har stilt utbyggarselskapet fleire spørsmål, utan å få svar.

NRK har spurt om selskapet har fått politisk løyve og støtte til prosjektet, og kvifor dei publiserer planen medan krigen pågår.

NRK har også spurt selskapet om kvifor selskapet fokuserer på utbygging av ulovlege busettingar.

– Kan ikkje utelukka at det skjer

Som fylgje av Israels teppebombing av det folkerike området, er om lag 18 prosent av all infrastruktur øydelagd. Det tel meir ein 37.000 bygningar, viser FNs siste måling.

Forskar ved PRIO, Jørgen Jensehaugen, seier det er utfordrande å forstå kva det er Israel tenker skal skje med Gaza etter krigen.

Jørgen Jensehaugen

Jørgen Jensehaugen forskar på Israel-Palestina-konflikten ved Instituttet for fredsforsking (PRIO.)

Foto: Høyskolen Innlandet

– I regjeringa er det eit spenn av planar som går frå etnisk reinsing til å ha ein militær buffersone nokre kilometer inn i Gaza, fortel han.

Statsminister Benjamin Netanyahu har avvist ein full okkupasjon av regionen.

Men den delen av det israelske samfunnet som er mest opprørt over tapet av busettingane i Gaza, har viktige posisjonar i regjeringa, understrekar Jensehaugen.

Sikkerhetsminister Itamar Ben-Gvir

Itamar Ben-Gvir er tryggleiksminister leiar det ytre høgre-partiet Jødisk makt.

Foto: AFP

Han syner til dei ytre høgre- og busettarpartia til tryggleiksminister Itamar Ben-Gvir og finansminister Bezalel Smotrich.

I den breie busettarrøyrsla er det også ein del som vil ha busettingane i Gaza tilbake, seier Jensehaugen.

Det er dimed ikkje gitt at det er sannsynleg, presiserer Jensehaugen.

– Det å oppretta busettingar i Gaza passar vil berre passa overeins med den ekstreme planen om etnisk reinsing. Det er klart at det ikkje skal utelukkast at det kan skje, men det er eit veldig ideologisk prosjekt. Det er å setta israelarar i fare og vil påføra staten ein enorm kostnad.

– Busettingane i Vestbreidda går for fullt

Førre veke godkjende regjeringa kring ei ny busetting i det okkuperte Aust-Jerusalem.

Halvparten av det «nye nabolaget» med til saman 1738 bustader ligg i den annekterte austlege delen av byen.

Ifølgje Jensehaugen pågår busettingane i dei okkuperte områda Vestbreidda og Aust-Jerusalem raskare enn nokosinne.

– Det er utvidingar på utvidingar, seier Jensehaugen.

Tal frå FN viser at Israel har busett 750.000 i dei okkuperte landområda.

Dette trass i at FNs tryggingsråd, FNs generalforsamling, Det internasjonale Raude Kors-sambandet og Den internasjonale domstolen (ICJ) i fleire resolusjonar og i ein dom, konkludert med at busettingane er folkerettsstridige.

FNs høgkommissær for menneskerettar seier busettingane er eit krigsbrotsverk, noko Israel er usamd i.

SISTE NYTT

Siste nytt

USAs president Joe Biden under den årlige korrespondentmiddagen i Det hvite hus.

Biden spøkte med egen alder og kom med stikk mot Trump

Lørdag hadde amerikanske journalister sin årlige korrespondentmiddag med president Joe Biden. Utenfor var det store demonstrasjoner mot krigen i Gaza.