Hopp til innhold

Israel vil opne naud-korridor

Israel vil opne ein humanitær korridor inn til Gazastripa for å hindre ein humanitær katastrofe.

Skadde i Gaza
Foto: Picasa 2.7

I ei fråsegn frå statsminister Ehud Olmert sitt kontor seint tysdag kveld heiter det at det vil bli oppretta ei trygg rute for å gi hjelp til innbyggjarane på Gazastripa.

Israelske styresmakter har tidlegare sagt at det ikkje er ei humanitær krise i området.

I fråsegna heiter det at ulike geografiske område vil bli opna for ein tidsavgrensa periode, slik at innbyggjarane kan få naudhjelp inn.

Video nsps_upload_2009_1_7_8_5_3_1665.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Åpner for humanitær hjelp til Gaza

Detaljane rundt programmet vil bli utarbeidd av Departementet for sivile operasjonar, som ligg under Forsvarsdepartementet.

Det blir ikkje sagt noko om når ein slik humanitær korridor inn til Gazastripa kan bli ein realitet.

SISTE NYTT

Siste nytt