Zeev Boim skkuldar Syria for å vere direkte involvert i sjølvmordsangrepet, der to unge palestinarar sprengde seg sjølve i lufta om bord på to ulike bussar i den israelske byen Beersheba.
Rett tidspunkt
- Det er mogleg å gjennomføre angrep mot Syria dersom måla er nøye utvalde og tidspunktet er rett, for å få syrarane til å forstå at det finnest raude liner som ikkje kan kryssast, sa Boim til nyheitsbyrået AFP.
Utanriksminister Silvan Shalom har tidlegare sagt at at Syria er ansvarleg for terrorhandlingar mot Israel fordi landet husar hovudkvarteret til terroristorganisasjonar, og at ordrer om å utføre angrep kjem frå Damaskus.
Hamas har teke på seg ansvaret for terroraksjonen tysdag, som var den første inne i Israel på fem månader. Dei seier angrepet var ein hemn for at Israel likviderte Hamas-leiaren sjeik Ahmed Yassin i mars, og hans etterfølgjar Abdelaziz al-rantisi nokre veker seinare.
Damaskus
Mannen som i dag blir rekna for å vere den øvste leiaren i Hamas, Khaled Meshaal, er busett i Damaskus. Statsminister Ariel Sharons talsmann Raanan Gissin seier at ordren om å utføre terroristangrepet i Bersheeba kom direkte frå Khalid Meshaals kontor i den syriske hovudstaden.
I oktober i fjor bomba israelske kampfly det Israel meiner var ein palestinsk treningsleir i fjellområda utanfor Damaskus. Angrepet kom kort tid etter at 23 menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon på ein restaurant i den israelske byen Haifa.
Den gongen skulda Israel angrepet på gruppa Jihad, islamsk heilag krig.