Hopp til innhold

Ny blodig dag i Syria - over 100 drepne

Over 100 menneske er drepne i nye blodige angrep i Syria i dag. Ei opprørsgruppe hevdar at minst 50 regjeringssoldatar er drepne i eit sjølvmordsangrep i Hama-provinsen.

Videobilder fra Syria.

VIDEO: Nye massedrap i Syria. Bileta kjem frå ei av opprørsgruppene.

Det er vanskeleg å få verifisert opplysningane frå uavhengige kjelder. Det offisielle syriske nyheitsbyrået SANA melder at ein sjølvmordsbombar har sprengt seg i lufta i byen Sahl al-Ghab i Hama-provinsen, men seier berre at to innbyggjarar vart drepne og fleire såra.

Bombeangrep i Damaskus.

Dette biletet er frå eit bombeangrep i Damaskus i ettermiddag der minst 11 menneske vart drepne.

Foto: Anonymous / Ap

Talsmann Rami Abdelrahman i opprørsgruppa Syrian Observatoruy for Human Rights, som har base i London, seier at ein opprørar frå Nssura-fronten køyrde bilen sin til sentrum av Sahl al-Ghab, der han sprengde seg sjølv i lufta. I kjølvatnet fylgde fleire nye eksplosjonar, heiter det.

Om det er tilfelle at over 50 regjeringssoldatar er drepne, kan dette vere eitt av dei verste enkeltangrepa mot Assad-regimet sidan opprøret starta.

– Base for regjeringssoldatar

Abdelrahman seier at senteret som vart ramma av eksplosjonane var ein base for regjeringsstyrkane i området og regjeringsvenlege militssoldatar, og at minst 50 av dei er drepne.

Den same opprørsgruppa opplyser samstundes at minst 20 syriske opprørarar er drepne i eit flyangrep mot byen Haram i provinsen Idlib nordvest i Syria. I alt er minst 105 menneske drepne i kampar måndag, og av dei er minst 55 syriske regjeringssoldatar, ifølgje gruppa.

Opprørarane har kontroll over store delar av Idlid-provinsen, som grensar til Tyrkia. Dei syriske regjeringsstyrkane har trekt seg tilbake frå området, men det blir gjennomført luftangrep mot opprørsstillingar.

Store øydeleggingar etter bombe i Damaskus.

Det vart gjort store øydeleggingar i bombeangrepet i Damaskus i ettermiddag.

Foto: Anonymous / Ap

Eksplosjonar i Damaskus

Også i Nazzeh-distriktet i hovudstaden Damaskus vart det i dag meldt om kraftige eksplosjonar. Det statlege fjernsynet melder at fire menneske vart drepne og fleire titals skadde. Det skal ha vore snakk om ei tidsinnstilt bombe som var plassert inne i ein bil.

Andre kjelder seier at minst 11 menneske er drepne i eksplosjonane.

Blodige angrep i Syria.

Ein såra mann blir frakta bort på båre etter ein eksplosjon i Damaskus.

Foto: - / Afp

Det er også meldt om kampar og eksplosjonar fleire andre stader i Syria, men det er uklart kor mange som har mist livet. De har vore kampar blant anna i Aleppo og i den palestinske flyktningleiren Yarmuk i utkanten av Damaskus. I denne leiren er over 30 menneske drepne i løpet av søndag og måndag.

I Aleppo har dei hardaste kampane vore i bydelen Zahraa.

– Ei heil veke i frykt

– I ei heil veke no har vi levd i frykt. Vi høyrer alle moglege typar våpen, maskingevær, tanks, eksplosjonar. Kampane før soloppgang måndag var dei verste vi har opplevd tidleg, seier Samir, ein 37 år gammal farmasøyt frå Zahraa, til det franske nyheitsbyrået AFP.

Samstundes går det føre seg samtalar mellom fleire av dei ulike opprørsgruppene i Syria, men det er førebels ikkje noko som tyder på at dei greier å oppnå målet om å samle seg i ein felles front.

Nye blodige angrep i Syria.

Mange vart alvorleg såra i angrepet i Damaskus.

Foto: - / Afp

Usemja om Syria blant dei faste medlemslanda i Tryggingsrådet i FN held også fram. Russlands utanriksminister Sergej Lavrov hamra laus på dei vestlege landa i dag for deira støtte til opprørsgruppene i landet.

Diplomatisk stillstand

Lavrov meiner at USA og andre vestlege land oppeldar opprørarane til vidare kamp, i staden for å presse dei til forhandlingsbordet.

Lavrov møtte i dag leiaren for Den arabiske liga, Nabil al-Arabi, men det skal ikkje ha kome noko konstruktivt ut av samtalane, ifølgje ei kjelde i Den arabiske liga.

Opprørsgruppa Observatory for Human Rights seier at minst 36.000 menneske er drepne sidan opprøret mot regimet til Bashar al-Assad starta i mars 2011.

SISTE NYTT

Siste nytt