Resultatet frå den store popularitetsundersøkinga viser at Israel er på tredjeplass i verda når det gjeld negativt omdøme. Berre Pakistan og Iran er verre stilt, og Nord-Korea stiller likt.
Undersøkinga er gjort mellom desember 2011 og februar 2012 der meir enn 24.000 menneske er spurt om inntrykket dei har av dei største og mektigaste landa i verda. Intervjua er gjort i alle dei 22 landa som er med på undersøkinga.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Iran på første
Israel har færre vener enn før. Berre i løpet av det siste året er omdømet til landet gått ned med fire prosent.
Foto: JACK GUEZ / AfpIran tok ein klar førsteplass der 55 prosent av respondentane svarte at dei har eit negativt inntrykk av landet. Pakistan kjem på ein andreplass med 51 prosent, og Nord-Korea og Israel på ein delt tredjeplass med 50 prosent negativ oppfatning.
For Israel er dette ei markant auke frå tidlegare. Tilsvarande undersøking i fjor viste at det då var 47 prosent som hadde eit negativt innrykk av landet.
Berre 21 prosent av dei som svarte på undersøkinga sa at dei har eit positivt inntrykk av Israel. Det einaste landet i Vesten der folket har ein meir positiv enn negativ oppfatning av landet er, kanskje ikkje overraskande, i USA. Der svara 50 prosent av dei spurte at dei har eit fordelsaktig inntrykk av landet.
Japan på topp
Ifølgje resultata på undersøkinga er Pakistan det einaste landet der innbyggjarane har gitt meir negativ enn positiv rating til sitt eige land. Dei intervjua seier at årsaka er at dei er svært misnøgd med utanrikspolitikken i landet.
Indonesia er det einaste landet som har eit positivt inntrykk av Pakistan.
Ifølgje undersøkinga er dei mest elska statane i verda Japan, Tyskland, Canada, Storbritannia og Kina.
Japan har førsteplassen med 58 prosent positiv rating, og slår dermed Tyskland som var på topp i fjor.
Les heile undersøkinga her (ekstern lenke)
Slik er verda sitt inntrykk av Israel: