Hopp til innhold

Staten vurderer å fjerne skattefrådrag for Israel-vener

Staten vurderer å fjerne skattefrådrag for å donere pengar til ein norsk organisasjon som støttar etablering av ulovlege israelske busetjingar. – Me vil svare med å doble støtta, svarar leiaren av organisasjonen.

Bosetningen Alonei Shilo på Vestbredden

Den ulovlege busetjinga Alonei Shilo er ein utpost like ved den større busetjinga Karnei Shomron. Norske styresmakter gir skattelette til nordmenn som støttar busetjinga med pengar.

Foto: DAN BALILTY / AP

Stiftinga Karmel-Instituttet har i lengre tid støtta busetjinga Alonei Shilo på Vestbreidda, som har hausta kritikk frå det internasjonale samfunnet om brot på folkeretten.

I Noreg får ein skattefritak for inntil 12.000 kroner ved støtte til frivillege organisasjonar.

Dermed får altså nordmenn i praksis statsstøtte ved å støtte ei busetjinga som er eit brot på internasjonal folkerett.

Kan fjerne skattefritaket

Men snart kan dette gå mot slutten.

Då regjeringa la fram statsbudsjettet i fjor haust, vart det samstundes annonsert at regjeringa ville kome til å stramme inn ordninga med skattefritak for gåver til frivillege organisasjonar.

Gåver til organisasjonar som medverkar til brot på folkeretten skal ikkje lenger kvalifisere til skattefritak.

Busetjinga Alonei Shilo er ikkje berre ulovleg etter den internasjonale folkeretten, men er også kontroversiell innanfor Israel.

I 2005 vart fleire av busetjarane arresterte av israelsk politi då dei frakta brakker til Alonei Shilo. Dette skriv Norsk Folkehjelp i ein rapport som handlar om dei norske banda til israelsk okkupasjon.

Karmel-instituttet stadfestar sjølv på sine eigne nettsider at 23 brakker og tre lesesalar i Alonei Shilo er betalt med pengar donert frå nordmenn. I 2010 skal leiaren Jon Skåland hatt med seg heile 600.000 kroner berre på éin tur.

På nettstaden Karmel.net skriv organisasjonen at busetjinga «veks no raskare enn nokon annan brakkeby i heile Israel, takka vere støtte frå Noreg.»

Norsk Folkehjelp krev endring

Etter at reglane blei endra, bad Norsk Folkehjelp Finansdepartementet om å sjå om Karmel-Instituttet er ein organisasjon som ein bør svarteliste og fjerne retten til skattefrådrag på gåver.

Over eit halvt år seinare jobbar framleis Finansdepartementet med saka.

– Finansdepartementet har starta saksførebuing av om Stiftinga Karmel-Instituttet oppfyller vilkåra for utelukking på bakgrunn av oppmoding frå Norsk Folkehjelp. Saka er framleis under behandling i departementet, opplyser statssekretær Roger Skjerva i Finansdepartementet i ein e-post til NRK.no.

Departementet har bede Skattedirektoratet om hjelp i vurderingane.

Statssekretær Skjerva kan ikkje sei konkret når dei vil kome fram til ei avgjerd i saka.

– Staten opprørar seg som born

Leiaren av Karmel-stiftinga, John Skåland, reagerer sterkt på at Finansdepartementet er i ferd med å greie ut om organisasjonen hans skal bli fråteken retten til skattefritak.

John Skåland

John Skåland i Karmel-stiftinga meiner dei blir utsett for meiningsterror.

Foto: Øystein Ellingsen, Egersund / NRK

– Dette er små born som leikar i ei leikegrind i Oslo. Når statsapparatet kan bry seg om ein ministifting som eg driv på kveldstid har det gått altfor langt, seier Skåland til NRK.no.

– At dei lagar nye lover for å ta knekken på ein liten stifting fortel meg at det me held på med er uhyre viktig.

Leiaren har ikkje høve til å gi oversikt over kor mykje dei samla har fått i pengegåver for å byggje opp Alonei Shilo-busetnaden. Men han opplyser at organisasjonsavisa Karmel Israel-nytt har om lag 5000 abonnentar, og at mange av dei donerer pengar.

– Dobbeltmoralsk

Skåland vil ikkje erkjenne at busetnaden er i strid med folkeretten, og viser til religionen sin når han argumenterer for dette.

Han meiner det er dobbeltmoralsk av norske styresmakter å revurdere støtta medan Norsk Folkehjelp donerer pengar til formål han tykkjer er kontroversielle.

– Norsk Folkehjelp støttar arabarane i Gaza med mykje skattepengar. Det er våre felles pengar, men i vårt tilfelle snakkar me om pengar som privatpersonar donerer av fri vilje.

– Vil de revurdere støtta til Alonei Shilo-busetnaden dersom departementet bestemmer seg for å fjerne skattefrådraget?

Jonas Gahr Støre under besøk i Jerusalem

Jonas Gahr Støre meiner det er rimeleg av Skatteetaten å starte undersøkjing. Her fotografert i Israel i vår.

Foto: Bondevik, Andreas / SCANPIX

– Ja, då vil me sjå det på ein annan måte. Me vil prøve å doble støtta. Me har fått tilbakemelding frå dei største givarane, og me vil i tilfelle bli sett på som ein martyrorganisasjon. Når ein kjenner seg så urettvist behandla vil me berre køyre på endå meir, seier Skåland.

Avisa Karmel Israel-nytt fekk utanriksminister Jonas Gahr Støre i tale om saka då han var på vitjing i Jerusalem i mars.

– Å bidra til å finansiere verksemd som er i strid med folkeretten, det er eg skeptisk til. Eg meiner det er ei rimeleg undersøking Skattedirektoratet har sett i gang, sa Støre.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt