Dei israelske styresmaktene seier dei vil ha avklart visse sider ved kommisjonen som enno ikkje er ferdig drøfta. Dermed ser det ut til at Israel og FN igjen er på kollisjonskurs i saka om Jenin-kommisjonen.
Det er enorme ødeleggelser i Jenin. (AP-Scanpix-foto)
Tidlegare i dag kom det meldingar om at Israel og FN var nær ein avtale om kommisjonen. FN har tidlegare sett i morgon som siste frist for å bli samde med dei israelske styresmaktene.
Den israelske talsmannen Avi Pazner sa tidlegare i dag at berre mindre problem stod att før ein avtale var klar. Dette var detaljar om statusen til dei militære ekspertane som er knytte til kommisjonen, og immunitet for israelarar som forklarar seg for kommisjonen.
Avi Pazner sa at Israel vil forsikre seg om at kommisjonen skal leite etter fakta, og ikkje blir ein kommisjon som skal trekkje konklusjonar. I går gjekk FN med på å styrkje den militære ekspertisen i kommisjonen, slik Israel har kravd.
Palestinarane skuldar Israel for å ha massakrert sivile i Jenin, medan Israel på si side seier at dei drepne er resultatet av kampar mellom væpna styrkar.