Hopp til innhold

Islendingane jobbar mindre etter vellykka forsøk med firedagarsveke

Forsøk med firedagarsveker over fleire år på Island har vore ein «enorm suksess», og har ført til at svært mange no jobbar mindre, heiter det i ein rapport.

Reykjavik på Island

Mange islendingar har fått kortare arbeidsveke etter at to forsøk viste betre trivsel og auka produktivitet. På biletet: Utsikt over Reykjavík.

Foto: Berit Keilen / NTB

Forsøka vart gjennomførte mellom 2015 og 2019 i regi av dei lokale styresmaktene i Reykjavík og den islandske regjeringa. Dei omfatta meir enn 2500 arbeidstakarar i offentleg sektor, rundt 1 prosent av arbeidsstyrken i landet, skriv BBC.

I forsøka gjekk deltakarane ned frå 40 timar i veka til anten 36 eller 35 timar, utan å få redusert lønn.

I etterkant har mange av dei gått over til ordninga permanent, heiter det i ein rapport utarbeidd av den britiske tankesmia Autonomy og den islandske organisasjonen Alda, der forsøket blir beskrive som ein «enorm suksess».

86 prosent får kortare arbeidsveke

Produktiviteten og tenesteytinga heldt fram på same nivå eller betra seg på brorparten av arbeidsplassane i forsøket, medan velværet til arbeidstakarane vart «dramatisk» forbetra, målt på ei rekkje indikatorar.

Arbeidstakarane oppgav at dei kjende seg mindre stressa og utbrente, og sa at helsa og balansen mellom arbeid og fritid vart betra.

Forsøket førte til at 86 prosent av arbeidsstyrken på Island no anten har byrja å jobbe mindre eller fått retten til å gjere det, gjennom forhandlingar mellom partane i arbeidslivet, heiter det i rapporten.

Fleire liknande prosjekt

– Denne studien viser at tidenes største forsøk med kortare veke i offentleg sektor, basert på alle moglege målestokkar, var ein overveldande suksess, seier forskingsdirektør Will Stronge ved Autonomy.

– Det viser at offentleg sektor kan bane veg for kortare arbeidsveker, seier han. Stronge oppmodar regjeringar i fleire land til å følgje etter.

I Spania er eit pilotprosjekt i gang med firedagarsveke i nokre selskap, delvis på grunn av pandemien. Det multinasjonale Unilever-konsernet gjennomfører eit forsøk på New Zealand der dei tilsette får høve til å kutte ut ein femdel av timane utan å gå ned i lønn.

SISTE NYTT

Siste nytt