Hopp til innhold

IS-tilhengarar vil bli kvitt sjiamuslimar

Ifølge det USA-baserte selskapet SITE, som overvaker ytterleggåande grupper på internett, oppfordrar tilhengarar av IS til å drepe fiendar av islam, spesielt sjiamuslimar.

Selvmordsbombe ved det sjiamuslismke al-Anoud moskeen i Dammam i Saudi-Arabia

SJØLVMORDSBOMBE: I løpet av ei veke er to sjiamuslimske moskear blitt utsett for sjølvmordsåtak i Saudi-Arabia. Ei sunniislamistisk gruppe med band til terrorgruppa IS står bak åtaka.

Foto: FAISAL AL NASSER / Reuters

– Sjiamuslimar bør drepast, uansett kvar dei er, seier ein ukjent talsmann for den såkalla Najd-provinsen i Saudi-Arabia i eit lydopptak som vart publisert på nett seint fredag.

Najd-provinsen er ei ytterleggåande sunniislamistisk gruppe med band til den sjølverklærte islamske staten, IS. På lik linje med IS, stemplar Najd-provinsen sjiamuslimar som vantro.

Vil utsletta sjiamuslimar

– Den Islamske Staten har bede sine soldatar over alt til å drepe fiendar av islam, spesielt sjiamuslimar, vert det sagt på lydopptaket.

Talsmannen for Najd-provinsen seier også at dei vil bli kvitt alle sjiamuslimar på Den arabiske halvøy.

Den arabiske halvøya

Opprørsgruppa har også teke på seg ansvaret for to blodige sjølvmordsåtak på sjiamuslimske moskear aust i Saudi-Arabia. Det siste åtaket skjedde fredag, berre sju dagar etter det førre. Til saman vart 25 menneske drepne og over 80 vart såra.

Saudi-Arabia får støtte frå USA

Saudi-Arabia og USA fordømmer åtaka på moskeane. Talsmann for det amerikanske utanriksdepartementet, Jeff Rathke, seier at USA er forplikta til å samarbeide med Saudi-Arabia for å kjempe mot ekstremisme.

– USA støttar den saudiarabiske befolkninga mot slike valdelege handlingar, og me vil halde fram arbeidet med det saudiarabiske kongedømet og våre internasjonale partnarar for å kjempe mot vald og ekstremisme i regionen, seier Rathke.

Saudi-Arabia ledar ein arabisk allianse mot den sjiamuslimske Houthimilitsen i nabolandet Jemen. Det sunnistyrte kongedømmet inngår også i den USA-leda krigen mot IS i Syria.

SISTE NYTT

Siste nytt