I morgon er det eit avgjerande møte i Det internasjonale atomenergibyrået IAEA. Då skal det avgjerast om Iran skal klagast inn for Tryggingsrådet i FN for atomprogrammet sitt. IAEA-møtet startar måndag, men det er uklart om Iran-saka kjem opp første dag.
Jaques Chirac er på offisielt besøk i Saudi-Arabia. (Foto. Reuters/Scanpix)
IAEA-medarbeidarar i Wien trur saka kan kome på bordet tysdag eller onsdag.
Siste forsøk
Før helga vart det gjort eit siste forsøk på å oppnå semje i eit møte mellom Iran og dei tre EU-landa Franrike, Storbritannia og Tyskland i Brussel. Møtet enda utan resultat.
Iran har heller ikkje godteke eit russisk forslag om at all oppriking av uran til eit sivilt iransk atomprogram, skal gjerast i Russland.
Trass i detet sa ein anonym iransk talsmann fredagskvelden at det var full semje mellom Iran og Russland om ein avtale. Det var truleg spel for galleriet.
Demonstrasjonar
I Teheran i dag, der tusenvis av menneske demonstrerte til støtte for det iranske atomprogrammet, sa Ali Larijani at forsking og utvikling av atomprogrammet er i landet si nasjonale interesse, og at Iran aldri vil gå tilbake på det.
- Og vi kjem iallefall ikkje til å gå tilbake på det om vi blir melde inn for Tryggingsrådet. Då vil vi i staden starte oppriking av uran i stor skala, sa Larijani.
Olje som våpen
Han ymta også frampå om at Iran kan bruke olje som våpen, om dei blir tvungne til det, som han sa. Truleg kan det bli snakk om å halde olje tilbake frå marknaden, men ein kraftig prisauke som resultat.
Vestlege land kan ikkje godta at Iran driv med oppriking av uran, fordi det kan nyttast til å utvikle atomvåpen. Korkje IAEA, USA eller EU trur på forsikringane frå det iranske regimet om at atomprogrammet berre har sivile føremål.
Sanksjonar
Alt tyder no på at IAEA vil sende saka vidare til Tryggingsrådet i FN. USAs utanriksminister Condoleezza Rice sa i går at det ikkje hastar med å innføre sanksjonar mot Iran, men at medlemslanda i Tryggingsrådet no må ta ein alvorleg diskusjon om kva dei skal gjere.
Condoleezza Rice møter sin russiske kollega Sergej Lavrov i Washington i morgon. Det er venta at Iran-saka vil stå høgt oppe på dagsordenen.
Kjelder i Washington seier til nyheitsbyrået Reuters at amerikanske styresmakter kan vere viljuge til å gi Iran ein frist på mellom 30 og 60 dagar til å samarbeide med IAEA, før det blir snakk om å innføre sanksjonar.
Frankrikes president Jaques Chirac sa under eit besøk i Saudi-Arabia i dag at det ikkje er for seint for Iran å få til ein avtale med EU.