Hopp til innhold

Ingen overlevde flystyrt i Pakistan

Alle dei 48 om bord omkom då eit pakistansk innanriksfly på veg frå Chitral til Islamabad styrta i dag. Det var tre utlendingar blant passasjerane.

Flyulykke iPakistan.

Alle dei 48 om bord omkom då eit pakistansk passasjerfly styrta nord i landet.

Foto: Aamir Qureshi / AFP

Dei tre utlendingane som var med var to austerrikarar og ein kinesar. Ein kjend pakistansk popstjerne og predikant, Junaid Jamshed, er også blant dei omkomne.

Propellfly

Flyulykke i Pakistan.

Flyet styrta i eit uvegsamt område i den nordlege delen av landet.

Foto: Aamir Qureshi / AFP

Flyet, som var av typen ATR-42, eit tomotors propellfly, styrta i eit avsidesliggjande fjellterreng like etter avgang frå flyplassen i Chitral. Flyet høyrde til det nasjonale pakistanske flyselskapet Pakistan International Airlines (PIA).

Flyet hadde 42 passasjerar og eit mannskap på fem, pluss ein flyteknikar.

Det har ikkje kome fram noko om kva som kan vere årsak til ulukka, men ekspertar jobbar på staden for å prøve å finne det ut.

Problem med motor

Ein talsmann for PIA, Daniyal Gilani, seier at flykontrollen miste kontakten med flyet kort tid etter avgang. Før det hadde pilotane meldt frå om problem med ein av motorane. Like etter sende flyet ut eit naudsignal før det forsvann frå radaren.

Direktøren for PIA, Azam Zegahl, seier at det ikkje var noko feil med flyet før avgang frå Chitral.

Flyulykke i Pakistan.

Flyet som styrta var på veg til den pakistanske hovudstaden Islamabad.

Foto: Aamir Qureshi / AFP

Pakistansk fly med 48 mennesker har styrtet

Pakistan flystyrt

SISTE NYTT

Siste nytt