LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Pressevakt Cecilie Willoch fortel at UD har vore i kontakt med den norske ambassaden i Venezuela, som også dekkjer Haiti. Det ikkje er registrert nordmenn som har behov for hjelp, men ambassaden arbeider med å skaffe seg oversikt over situasjonen.
Det er heller ingen av organisasjonane som har kontakta styresmaktene her i landet om medarbeidarar som er ramma av skjelvet.
- Vi har ikkje grunn til å tru at det er mange nordmenn som oppheld i skjelvområdet, seier Cecilie Willoch. Ho fortel at Noreg no ventar på ei oppmoding frå Haiti om å bidra med hjelp.
FN er alt tungt til stades på Haiti, og det vil vere FN som no tek føringa i hjelpearbeidet, legg ho til.