Fleire tusen kan ha mist livet

Det er umogleg å få oversikt over skadane etter det øydleggjande jordskjelvet på Haiti før det blir dagslys. Fleire tusen menneske har truleg mist livet.

Video nsps_upload_2010_1_13_5_29_8_621.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: SJå dei dramatiske bileta frå Haiti.

LES OGSÅ: - Flere tusen omkommet på Haiti

Haitis FN-ambassadør, Raymond Alcide Joseph, ber verdssamfunnet om hjelp. I eit intetrvju med CNN kallar det som har skjedd i heimlandet for ein katastrofe av enorme dimensjonar.

Ein fransk statsråd seier til radiostasjonen Europe 1 i dag at 200 menneske er sakna frå eit samanrasa turisthotell. Dette hotellet er populært blant utanlandske turistar på Haiti, særleg franske. Det var rundt 300 gjestar på hotellet, og berre 100 av greidde å kome seg ut.

Det har enno ikkje kome offisielle tal på døde, sakna eller skadde.

Skjelvet, som målte 7,0 på Richter-skalaen, har ført til ufattelege øydeleggingar i det som er eitt av dei fattigaste landa i verda. Det er det sterkaste jordskjelvet som har ramma dette området på fleire tiår.

Jordskjelvet ramma kl. 22.53 norsk tid i går kveld, klokka 17.53 lokal tid.

Lite informasjon

Motasje av presidentpalasset før og etter jordskjelvet.

Presidentpalasset i Port-au-Prince slik det var før (t.v.) og etter jordskjelvet i går kveld.

Foto: Scanpix/Reuters
Denne kvinna har mist alt i jordskjelvet i Haiti.

Denne kvinna har mist alt i skjelvet.

Foto: Lisandro Suero / Scanpix/AFP

Alle kommunikasjonar var nede etter skjelvet, og det har vore vanskeleg å få ut informasjon. Fleire tusen mennseke vandra i natt rundt i kaoset i den mørklagde hovudstaden Port-au-Prince. Andre grev etter i ruinane med berre hendene etter dei mange døde og sakna.

Det har brote ut brannar fleire stader. Offentlege bygningar, hotell, bustadhus og skur, alle typar hus og heimar er ramma.

Både presidentpalasset, nasjonalforsamlinga, katedralen og fleire andre offentlege bygningar i Port-au-Prince har rasa saman. Men president Rene Preval og familien hans skal ikkje vere ramma.

Ei jente blir berga ut frå ruinane av eit samanrast hus.

Ei alvorleg skadd jente blir berga ut av ruinane.

Det bur to millionar menneske i den haitiske hovudstaden, og dei fleste bur i dårlege hus i bratte åssider og i enorme slumområde.

Sjukehus kollapsa

Den amerikanske fjernsynskanalen CNN melder at eit sjukehus har rasa saman, og ein amerikansk diplomat seier at store bygningar har kollapsa ned i kløfter. Han fortel at heile byen var dekt av ei enorm sky av støv etter skjelvet.

Denne kvinna vart berga ut av ruinane like etter jordskjelvet.

Denne kvinna vart berga ut av ruinane like etter jordskjelvet.

Foto: Lisandro Suero

Også hovudkvarteret til FN sin fredsstyrke i Haiti har kollapsa, og mange av personalet er sakna. Ein lokalt tilsett seier at det ligg mange døde og skadde under ruinane av hovudkvarteret.

FN-talsmann Martin Nesirky i New York stadfestar at hovudkvarteret i Port-au-Prince har fått store skadar. FN har plassert vakter medan det blir leitt etter overlevande, fordi det alt går føre seg omfattande plyndring i byen.

Den lokale journalisten Joseph Guyler Delva seier han har sett mange omkomne i den haitiske hovudstaden.

Totalt kaos

- Alt byrja å riste, folk skreik, hus byrja å kollapse, det er totalt kaos, seier han.

Truleg har jordras ført til at bygninggar og hus som er bygde nærmast oppå kvarandre oppover åssidene, har rasa ned i det svært kuperte terrenget.

Slik ser heile bydelar ut i Port-au-Prince etter jordskjelvet.

Skadane etter jordskjelvet er enorme i Port-au-Prince.

Foto: Scanpix/Reuters

Skjelvet fann stad like før klokka 17 lokal tid, og senteret var ved byen Carrefour, rundt 16 kilometer sørvest for hovudstaden Port-au.-Prince.

Ian Rogers i Redd barna seier at dei fleste gater og vegar er sperra, og at det er umogleg å ta seg fram med anna enn motorsyklar. Han fortel at det er farleg å ta seg fram fordi vegar kan skli ut, og han trekkjer også fram faren for væpna plyndrarar.

Hjelpearbeidet er sterkt hemma av at det vart mørkt kort ette at skjelvet ramma. Straumen har gått i heile byen. Rogers seier det ikkje blir mogleg å få oversikt over skadane før det blir lyst.

Får ikkje kontakt

Fleire tusen menneske kan ha mist livet i jordskjelvet på Haiti.

Fleire tusen menneske kan ha mist livet i jordskjelvet på Haiti.

Foto: Scanpix/Reuters

Både fastliner og mobilnettverket er nede, og det er såleis vanskeleg å få ut informasjon. Røde Kors har kontakt med sine folk over radio, men Haitis generalkonsul i Miami i USA seier at han ikkje har greidd å oppnå kontakt med utanriksdepartementet i landet.

Fleire land har varsla at dei vil helpe. USAs president Barack Obama har gitt ordre om å førebu ein større hjelpeaksjon, og Frankrikes utanriksminister Bernard Kouchner gjer det klart at også Frankrike vil gi bistand til Haiti.

Verdsbanken seier dei vil sende eit team til Haiti for å sjå på skadeomfanget, og å byrje å arbeide med planar om korleis organisasjonen kan vere med på å gjenoppbygge landet.

Verdsbanken sine kontor i Port-au-Prince er øydelagde i jordskjelvet, blir det opplyst.

Ein mann ber med seg eit skadd barn i Port-au-Prince.

Ein mann har berga eit barn frå ruinane og får det i tryggleik.

Foto: Montreal La Presse/Ivanoh Demers / Scanpix/AP

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt