Hopp til innhold

India på tå hev etter terroralarm

India styrkjer sikkerheita i heile landet etter å ha motteke opplysningar om at ei terrorgruppe planlegg eit åtak i løpet av nyttårshelga.

Terroralarm i India

India fryktar eit nytt dødeleg terroråtak som det i Mumbai i 2008, og tek alle mistankar på alvor.

Foto: Rajanish Kakade / Ap

Det indiske innanriksdepartementet har tysdag sendt ut ei landsomfattande åtvaring. Ekstra politistyrkar er sette inn til å patruljera bygatene i fleire indiske storbyar, skriv avisa The Telegraph.

Beredskapen er særleg høg i den finansielle hovudstaden Mumbai, som var offer for ein serie terroråtak i november 2008 der minst 166 menneske vart drepne.

Også på flyplassar, togstasjonar og i den populære feriebyen Goa er styresmaktene ekstra årvakne, melder avisa.

Jaktar på fire menn

Terroralarm i India

Ein indisk politimann står vakt utanfor eit regjeringskontor i Mumbai tysdag 28 desember.

Foto: Rajanish Kakade / Ap

Det er indikasjonar på at ei terrorgruppe med base i Pakistan vil gjennomføra eit nyttårsåtak, som får indiske styresmakter til å slå alarm.

Sidan fredag har politiet leita etter fire medlemmer av terrorgruppa Lashkar-e-Taiba (LeT), som dei meiner befinner seg i Mumbai.

Fleire stader i byen går sikkerheitsstyrkar no frå dør til dør for å finna dei mistenkte, ifølgje avisa The Guardian.

På vakt etter 2008-terror

India tek sjølv den minste terror trugsel på alvor etter det tre dagar lange åtaket i Mumbai for to år sidan. Den gong var det ein togstasjon, to luksushotell og eit jødisk senter som blei hardast råka.

Gruppa som stod bak det grufulle 2008-åtaket var oppfostra av pakistanske sikkerheitsstyrkar til å kjempa mot indiske troppar i konfliktområdet Kashmir.

I september i år slo indisk politi også alarm etter å ha motteke informasjon om at to muslimske terroristar planla eit terroråtak under ein populær hinduisk festival i Mumbai.

Tidlegare i desember vart fleire titals personar såra då ei bombe eksploderte i den nordlege byen Varanasi, som er heilag for hinduane. Militante indiske muslimar vart skulda for å stå bak eksplosjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt