Verten for G20-toppøtet i Cannes seier etter samtalar med den greske statsministeren George Papandreou at den greske folkerøystinga truleg blir halden 4.-eller 5. desember.
George Papandreou er utsett for eit sterkt press i Cannes.
Foto: THOMAS COEX / AfpKrisestemning før toppmøte
Det er skikkeleg krisestemning før G20-toppmøtet i Cannes George Papandreou seier seint onsdag kveld rett ut at Hellas sitt medlemskap i eurosamarbeidet no er i fare.
- Eg trur likevel at det kan bli eit positivt svar i folkerøystinga. Eg trur grekarane vil bli i euro-samarbeidet, seier han.
Papandreou innser at folkerøystinga kjem til å bli eit spørsmål om ja eller nei til euroen.
Sjefen for det internasjonale pengefondet IMF, Christine Lagarde, bad tidlegare i kveld EU-leiarane om ikkje å droppe kriseplanen for Hellas, trass i den varsla folkerøystinga i landet.
IMF-sjef Christine Lagarde seier det er avgjerande viktig at kriseplanen for Hellas blir gjennomført.
Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters– Det som er viktig no er at europeiske leiarar står fast på planen frå 27. oktober om korleis Hellas kan bergast, sa ho. Lagarde sa dette i Cannes kvelden før det store G20-toppmøtet startar i den mondene, franske middelhavsbyen.
Avgjerda til den greske statsministeren George Papandreou om ei folkerøysting kom som lyn frå klar himmel for EU-leiarane. Frankrikes statsminister Francois Fillon krev no at Hellas raskt gjer det klart om landet vil halde fram i eurosona eller ikkje.
Fryktar eit gresk nei
Presidenten i EU-kommisjonen, Josè Manauel Baroso, er også sterkt kritisk til planen om å sende redningspakken ut til folkerøysting. Han fryktar at grekarane seier nei. Og skal ein tru meiningsmålingar frå det kriseramma landet er det eit solid fleirtal mot å godta redningspakken.
– Utan semje frå Hellas om krisepakken, vil vilkåra for Hellas bli mykje meir smertefulle, spesielt for dei mest sårbare. Det er umogleg å spå konsekvensane, seier han.
Tysklands forbundskanslar Angela Merkel krev også eit klart svar frå Hellas om landet vil innføre EUs kriseplan.
Svært hektisk for Nicolas Sarkozy kvelden før G20-toppmøtet startar i Cannes.
Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters– Det er handling som tel for oss, seier Merkel.
Krisemøte
Det var tidlegare i kveld eit møte mellom Christine Legarde, EU-president Herman von Rompuy, Jose Manuel Baroso, leiarar frå Frankrike og Tyskland og sjefen for eurosona, statsminister i Luxembourg Jean Claude Juncker. Etter møtet sa Juncker dette:
– Vi tok ei avgjerd sist veke som 17 medlemsstatar. Vi kan ikkje tillate at nokon går tilbake på semja frå 27. oktober.
Frankrikes president Nicolas Sarkozy skal i kveld i møte med Papandreou i håp om å finne ein veg ut av krisa som har oppstått.
Ei fransk kjelde som er tett på det som skjer i samband med G20-toppmøtet i Cannes seier i kveld til nyheitsbyrået AFP at det er for seint å prøve å overtale Hellas til å gå tilbake på avgjerda om å halde folkerøysting.
Frankrikes president Nicolas Sarkozy tok seg også tid til å møte sin kinesiske kollega Hu Jianto.
Foto: THOMAS COEX / Afp– Det beste vi kan håpe på er å få dei til å halde folkerøystinga så fort som mogleg, og å gjere det til ei folkerøysting om Hellas framleis vil vere ein del av eurosamarbeidet eller ikkje, seier kjelda.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Misnøye i Hellas
Det er sterk misnøye blant mange i Hellas med kriseplanen som vart vedteken sist veke. Dei meiner planen vil gjere forholda for vanlege folk endå verre enn i dag, med meir arbeidsløyse og lågare løn og meir skatt for dei som får behalde jobbane sine.
I går kveld sa leiaren for Den greske foreininga i Noreg, Jannis Barbantonis at Hellas i realiteten er på randa
.Det svirrar rykte om eit mogleg militærkupp i landet, etter at statsminister George Papandreou i går skifte ut heile den
. Opposisjonen skuldar Papandreou nyttar krisa til å plassere sine støttespelarar inn i topposisjonane i dei væpna styrkane.VIDEO: Hege Moe Eriksen rapporterer fra Cannes.
Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og statsministeren i Luxembourg, Jean-Claude Juncker på G20-toppmøtet i Cannes.
Foto: Markus Schreiber / Ap