Hopp til innhold

Høyr dei svenske valsongane

Ein dose house-musikk, gitarspel og video med svensk broderi. Her kan du høyre dei fire songane som er nyskrivne til den svenske valkampen.

VALG I SVERIGE

Mange ord er sagt i løpet av valkampen, men musikk har det også vore. Her talar Ulf Kristersson frå Moderaterna i Helsingborg.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB scanpix

Ein lang og tøff valkamp går mot slutten. Kampen er ført med ord og argumentasjon – men musikk høyrer også med.

Valsongane har lange tradisjoner. I år har fire svenske parti lansert songar i samband med valet.

Elisabeth Marmorstein, kommentator , SVT

Politisk kommentator i SVT, Elisabeth Marmorstein, høyrer på songane som partia har laga i samband med valet.

Foto: SVT

– Det er vanskeleg å sjå for seg at nokon av desse songane skulle hamne på topplistene akkurat, seier Elisabeth Marmorstein. Ho er politisk kommentator i Sveriges Television (SVT).

Og ho legg til:

– No er det jo heller ikkje det som er meininga. Vallåtar skal jo fungere meir som inspirasjon for valarbeidarar og medlemmer på ulike valmøte. Av all aktivitet som partia har i ein valkamp, så er nok vallåtane det som er minst viktig, seier ho til SVT.

Sveriges socialdemokratiska ungdomsförbund

«Sverige behöver en socialdemokratisk regering igen», proklamerer Socialdemokraterna i songen Starkare tillsammans.

Moderata ungdomsforbundet

Klar målsetjing i Moderaterna sin song Moderat såklart: «Vi ska inta Rosenbad, vi kickar ut Stefan Löfven».

Kristdemokraterna

«Vi behöver en ny politik med en hållbar kristen etik», syng Roland Utbult i KD-låten. Utbult er kulturpolitisk talsperson, og partiet sin eigen songfugl.

Sverigedemokraterna

«Ingenting kan stoppa oss nu» syng Bedårande Barn feat. Peter Jezewski i songen Varje liten del.

– Hugsar godt Ny demokrati sin song

Kommentator Elisabeth Marmorstein har høyrt mange valsongar opp gjennom åra.

– Eg kan ikkje seie at det er nokon av songane som festa seg hos meg. Det måtte kanskje vere Ny demokrati sin song Häng med, häng med. Den hadde eit refreng som ein lett festa seg ved. Men så hadde dei jo også ein platedirektør (Bert Karlsson) som partileiar, seier ho.

Drag under galoscherna («Häng med, häng med») frå 1991.

SISTE NYTT

Siste nytt