NRK Meny
Normal

Homoekteskap lovleg i Uruguay

Senatet i Uruguay gjorde stemte på tysdag for å gjere likekjønna ekteskap lovleg.

Homoekteskap legalisert i Uruguay

Homofile par observerer diskusjonen i Senatet i Uruguay før dei i går stemte for likekjønna ekteskap.

Foto: Miguel Rojo / Afp

Uruguay vil dermed bli det 15. landet i verda som har ein eller annan form for likekjønna ekteskapslov, og det fjerde i Latin-Amerika. 23 stemte for lova, og 8 i mot.

President José Mujica har sagt at han vil signere lova. Uruguay har frå før ei partnarskapslov som sikrar juridiske rettar, ifølgje AP.

– Dette handlar om fridom, om rett til å velje og om rettferd. Fridom fordi staten ikkje skal blande seg inn i kven du skal gifte deg med, og rettferd fordi dersom du gifter deg med nokon i utlandet med same kjønn og returnerer til Uruguay, bør ekteskapet bli anerkjent, seier Rafael Michelini, ein av senatorane som har vore sterkast forkjempar av lova.

Lovgivinga vil også gjere det mogleg for alle foreldre, heterofile eller homofile, å bestemme kven sitt etternamn ein skal bruke på barna.

Den romersk-katolske kyrkja var i mot lovforslaget, men kyrkja har liten politisk påverknad i det sekulære Uruguay. Landet vart i fjor det første latinamerikanske landet som legaliserte abort.

Uruguay vil bli ein del av 11 andre land som tillet likekjønna ekteskap: Nederland, Belgia, Spania, Canada, Sør-Afrika, Norge, Sverige, Portugal, Island, Argentina og Danmark. I tillegg er det lovleg i enkelte delstatar av USA, Brasil og Mexico.

New Zealand vil etter alt sannsyn innføre likekjønna ekteskap i år, etter at parlamentet stemte for ei liknande lov i mars. Heite debattar om likekjønna ekteskap går for tida føre seg i både Storbritannia og Frankrike.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt