NRK Meny
Normal

Homofile ekteskap vert innført i New Zealand

Landet blir dermed det første landet øst for Europa med ei likestilt ekteskapslov.

Parlamentet i New Zealand

Her i parlamentet i New Zealand stemte politikarane i går over ny ekteskapslov.

Foto: Nick Perry / AP

77 stemte for og 44 stemte i mot lovendringa som gjer at to personar av same kjønn vil kunne gifte seg i New Zealand. Det var den andre av i alt tre røyster som må til for at ei lov skal tre i kraft, men med eit slikt resultat vil den tredje avstemminga berre vere ei formalitet, skriv nyheitsbyrået AP.

Meir enn 200 menneske samla seg i galleriet i parlamentet i Wellington for å oververe seansen, og den unge forsamlinga braut ut i jubel etter avstemminga.

Utanfor parlamentet var det også kyrkjesamfunn som markerte motstand mot lova. Meiningsmålingar viser at rundt to tredjedelar av befolkninga i New Zealand er for ei likestilt ekteskapslov.

– Ekteskapet høyrer til samfunnet som heilskap, og då treng me også deltaking frå heile samfunnet.

– Poenget med ekteskapet er å gi ein lisens til to personar som elskar kvarandre og ønskjer å gjere dette formelt. Det er dette denne lova gjer, seier Louisa Wall som er ein av forkjemparane for lova.

New Zealand blir dermed det første landet øst for Europa der homofile ekteskap er tillete, og det 12. landet på verdsbasis.

Berre for ein drøy månad sidan stemte også det britiske parlamentet for at personar av same kjønn får inngå ekteskap.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt