Systera til ein av dei drepne i sjølvmordsaksjonane i går fotografert under graverda. (Reuters-foto)
Israelske styresmakter skal ha fått etterretningsinformasjon om at det er planlagt 21 angrep mot Israel, melder israelsk radio. I går vart to israelarar drepne og minst 10 skadde i to sjølvmordsaksjonar, ein mot eit kjøpesenter i Rosh Ha'ayin like utanfor Tel Aviv og det andre uatnfor busetjinga Ariel på Vestbreidda.
Al Aqsa-brigadane har teke på seg skulda for bomba i Rosh Ha'ayin, medan Hamas har sagt at dei står bak sjølvmordsaksjonen i Ariel.
Sidan dei ytterleggåande palestinske gruppene varsla våpenkvile i angrepa mot Israel 29.juni i år, har det blitt utført 180 palestinske angrep mot israelske mål, opplyser ei høgtståande kjelde i det israelske forsvaret til det franske nyheitsbyrået AFP. 120 av desse var angrep med skytevåpen.
I dag tidleg reiv den israelske hæren huset der 17-åringen som utførte sjølvmordsaksjonen i kjøpesenteret i Rosh Ha'ayin, budde i flyktningleiren Askar like utanfor Nablus på Vestbreidda. Ti menneske budde i huset.
Ein talsmann for Hamas, Abdul Aziz al-Rantissi, seier i dag at aksjonane i går ikkje vil få følgjer for våpenkvila, eller hudnaen, som dei er uttrykket dei palestinske gruppene nyttar.
- Det at vi har forplikta oss til våpenkvile, betyr ikkje at vi ikkje vil svare på kriminell framferd frå okkupanten, seier han til AFP.
Ei kjelde som skal stå nær Israels statsminister Ariel Sharon seier at Israel framleis er forplikta av vegkartet for fred, og at landet vil prøve å unngå ein opptrapping av situasjonen.