NRK Meny
Normal

Historia bak biletet som har engasjert tusenvis av menneske på sosiale medium

Eit bilete av ein syrisk far som held rundt borna sine på ei gresk strand, har blitt delt av tusenvis på sosiale medium. – Eg har aldri blitt så rørt av eit bilete før, seier fotografen.

GREECE MIGRANTS 2 A Syrian refugee holding his son and daughter breaks out in tears of joy after arriving on the shore of the island of Kos in Greece.

Biletet av Laith Majid i lag med borna sine er delt tusenvis av gonger.

Foto: DANIEL ETTER / NYT

Fotografiet av Laith Majid er teken av frilansfotograf Daniel Etter, rundt klokka 04.30 på morgonen, på ei strand på Kos i Hellas, skriv The Independent.

Daniel Etter vedgår at han aldri har blitt så rørt av eit bilete før, og at han ville finne ut meir om denne middelklassefamilien som flykta frå byen Deir ez-Zor i Syria.

Biletet har blitt delt tusenvis av gonger på sosiale medium som Twitter og Facebook den siste tida.

Arbeidde som engelsklærar

Familien på fire heldt ut i årevis med bombardement frå den syriske regjeringa, opprørsstyrkane og til slutt terrorgruppa IS.

Til Spiegel Online seier Etter at familien på fire kom i land med åtte andre i ein liten gummibåt som var laga for å romme tre menneske.

– Etter meir enn to timar med køyring, mista båten luft og tok inn vatn. Flyktningane var gjennomvåte då dei kom på land, men letta over å ha kome seg trygt i hamn, seier Etter til avisa.

Ifølgje fotografen var familien overvelda av gleda over å ha kome fram i live, samtidig sørga dei over det som hadde hendt dei. Mora, som ikkje er på biletet, arbeidde som engelsklærar i heimlandet, fortel Etter.

«Har aldri skjedd meg før»

Daniel Etter er til vanleg stasjonert i Barcelona, men er no på plass for å fotografere migrantar langs EU sine grenser.

Han seier til Spiegel Online at sjølv om han er van med å fotografere emosjonelle situasjonar, har han aldri før blitt så rørt av eit bilete. Då han såg på biletet seinare, rann det tårer nedover kinna hans.

– Det har aldri skjedd meg før, seier han til avisa.

Familien budde seinare i eit provisorisk telt på ei anna strand på Kos, korleis det går med dei no, veit ikkje fotografen.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt