Her jobbar Kripos i Algerie

Norske Victor Sneberg (56) er framleis sakna etter terroren mot Statoil-anlegget i In Amenas. Her kan du sjå Kripos sine eigne bilete frå identifiseringsarbeidet i Algerie.

Victor Sneberg

Kripos si ID-gruppe leitar stadig etter terror-offeretVictor Sneberg (56) frå Sandnes / Manndalen.

Foto: Privat/Linkedin

Ei gruppe på sju personar frå Kripos blei førre veke sende til likhuset i Algerie for å identifisera dei drepne under det fem dagar lange terroråtaket mot gassanlegget i In Amenas, som blir drifta av Statoil, BP og Sonatrach.

Gruppa består av kriminalteknikarar, rettsodontologar og rettspatologar. Dei har samarbeidd med ekspertar frå andre land i samband med identifiseringa. Så langt er fire av dei fem sakna Statoil-tilsette identifiserte og stadfesta døde.

Men framleis jobbar Kripos-gruppa for fullt med å finna den siste, Statoil sin landsjef og områdedirektør i Algerie, Victor Sneberg (56).

ID-gruppa til Kripos i Algeria

Dette er dei sju i ID-gruppa som skal finna Victor Sneberg: (frå venstre) krimteknikar Audun Kolstad, rettsmedisinar Torleiv Ole Rognum, rettsmedisinar Sidsel Rogde, krimteknikar Tore Walstad, nestleiaren i gruppa Håvard Andre Aalmo og rettsodontologane Sigrid Kvaal og Gregor Løvlie.

Foto: ID-gruppa / Kripos

Fjerde identifisert

Alf Vik

STADFESTA DØD: Alf Vik (43) frå Austrheim / Grimstad.

Foto: Tor Ivar Martin Vik

Den norske ID-gruppa blir i landet fram til alle dei norske er identifiserte, seier Kripos-overbetjent Håvard André Aalmo til NRK i Alger:

– Me har framleis undersøkingar av dei omkomne og levningar som gjenstår. Det vil me fortsetja med på søndag om måndag.

Den norske gruppa har også bidrege til at tre britar, to japanarar og to offer frå Malaysia har blitt identifiserte.

Statoil opplyste i ei pressemelding laurdag om at den fjerde av dei fem sakna norske medarbeidarane, Alf Vik (43), er stadfesta død.

Tore Bech (58), Thomas Snekkevik (35) og Hans M. Bjone (55) er også blant dei totalt 38 gislane frå åtte land som blei drepne.

I tillegg til id-gruppa er fleire Kripos-etterforskerarar i Algerie for å avhøyra overlevande og kartleggja kva som skjedde på anlegget under åtaket.

Statoil stadfestar at Alf Vik (43) er stadfesta død etter terroren i Algerie. Dermed er fire av dei fem sakna nordmennene identifiserte.

Fire av dei fem som er sakna etter terroren i Algerie er no stadfesta drepne.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt