Hopp til innhold

Her er musklane i krigen mellom Hamas og Israel

Hamas er underlegne militært og økonomisk, seier forsvarsekspert. Likevel er det faren for eit samla Midtausten som held israelske musklar tilbake. Enn så lenge.

Palestinske Hamas-krigere jubler på grensen til Gaza etter å ha erobret en israelsk stridsvogn under angrepet 7. oktober.

Palestinske Hamas-krigarar jublar på grensa til Gaza etter å ha erobra ei israelsk stridsvogn under angrepet 7. oktober.

Foto: AP

Sidan Hamas gjekk til åtak på Israel 7. oktober har dei varsla ein nærståande bakkeinvasjon.

På begge sider er fleire tusen sivile drepne og skada. Store delar av Gaza er i ruinar etter israelske luftangrep.

– Det er eit tydeleg asymmetrisk styrkeforhold mellom Hamas og Israel. Det er ein stat mot ei geriljagruppe, som å samanlikne USA og Viet Cong.

Det seier Erik Skare, professor i midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo.

Ei av verdas største militærmakter

Israel er blant landa som bruker mest pengar på militæret sitt. I 2022 hadde dei eit budsjett på 23,4 milliardar dollar, som er 4,5 prosent av bruttonasjonalproduktet.

Dei er på andreplass i verda i å bruke mest midlar på militære per innbyggar, berre bak Qatar.

– Det er veldig spesielt. Det betyr at generasjonar er gjennommilitarisert. Dei fleste har eit tett og nært forhold til militæret, seier Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole.

Israelske militære på grensa til Libanon

Israel har kalla inn 300.000 reservistar etter åtaka 7. oktober.

Foto: AFP

Israel har hatt obligatorisk førstegongsteneste for kvinner og menn i fleire tiår, med unntak av dei ortodokse jødane.

I 2023 har Israel 169.500 personar i militæret, med ein reservestyrke på 465.000.

Etter at krigen braut ut kalla Israel inn 300.000 av reservestyrken sin og stasjonerte dei nærme Gazastripa.

– Israel opplever at dei har ein nedgraven eksistensiell trussel under bakken, både fysisk og psykisk. Hamas har ikkje noko militær kapasitet til å nedkjempe dei israelske militære styrkane på open slagmark, seier Heier.

Les også «Gaza Metro» – Hamas' farligste våpen mot en israelsk bakkeinvasjon

En væpnet palestiner i en tunnel sør på Gaza-stripen i 2015.

Skatt, krypto og bistand

Hamas sin økonomi og våpenkapasitet veit vi mindre om. Fleire peiker på støtte frå Iran og Qatar, samt skatteinntekter på smuglarvarar og støtte gjennom kryptovaluta som inntektskjeldene deira.

I et intervju med Russia Today 8. oktober sa eit leiiande Hamas-medlem, Ali Baraka, at «fyrst og fremst er det Iran som gir oss pengar og våpen», skriv NBC News.

Eit estimat frå ein tidlegare spesialist i den amerikanske kontraterrorgruppa seier Hamas har eit budsjett på om lag 300 millionar dollar. 100 millionar av dei skal kome frå Iran, ifølge USA.

hamas-krigarar poserer med våpen. balaklava og grønne panneband.

Hamas: Kva står dei for og kven er leiarane?

Andre estimat varierer frå 100 til 350 millionar dollar, både frå israelske og palestinske kjelder.

– Iran støtter den militære fløya av Hamas. Våpen, utstyr, samt trening av soldatar, seier Skare.

– Vi veit veldig lite om kor mykje dette er. Rett og slett fordi det er statshemmelegheiter, seier han.

Iran støtter Hamas militært, medan Qatar støtter Gaza med bistand. Sidan 2014 har Qatar gitt over 100 millionar dollar i sivil hjelp.

– Qatar betaler lønningane til innbyggarane på Gaza. Elles hadde dei kollapsa. Det er først og fremst bistand. 80 prosent av befolkninga er heilt avhengig av det, seier Skare.

Israel har fleire gonger stengt kryptokontoar i utlandet, som skal vere knytt til Hamas sine investeringar. I 2021 stengde Israel 190 av dei.

Storleiken på den militære fløya til Hamas er heller ikkje enkelt å talfeste. Ulike kjelder seier dei utgjer mellom 20.000 og 50.000 menn.

Ifølgje CIA sitt leksikon er dei mellom 20.000 og 25.000 krigarar i 2023.

– Det er eit tydeleg asymmetrisk styrkeforhold mellom Hamas og Israel, seier Skare.

En oversikt fra 2021 over hvor det israelske militæret (IDF) mener Hamas har tunneler på Gaza.

Ei oversikt frå 2021 over kor det israelske militæret (IDF) meiner Hamas har tunnelar på Gaza.

Foto: Kilde: IDF

Utanom økonomi og kapasitet peiker Skare spesielt på ein av svakheitene til Hamas:

– Hamas er hermetisk lukka inne i Gaza. Tunnelsystemet er basert på erkjenninga om at Hamas ikkje kan slå Israel i lufta, til sjøs eller på land.

Ei teknologisk stormakt

– Israel har få innbyggarar samanlikna med nabolanda. Dei er difor tvungne til å satse på kvalitet. Dei har ein struktur på forsvaret som er driven av teknologi. Ein særeigen israelsk måte å få føre krig på, seier Tormod Heier.

Israel har mellom anna 339 kampfly, 30 av dei er F-35-jagarfly, 2200 panservogner, 142 helikopter, 5 ubåtar og «Iron Dome», eit avansert luftforsvarssystem.

Dei skal også sitte på atomvåpen, ifølgje IISS.

Israels Iron Dome over byen Ashklelon

«Iron Dome», Israel sitt avanserte luftforsvarssystem skyt ned dei fleste av rakettane Hamas sender mot Israel.

Foto: AP

– Dei er blant verdas beste. På open slagmark har Hamas ingen sjanse, seier Heier.

– Israel er ikkje berre ei av verdas største militærmakt, men også ein høgteknologisk stat. Dei er ein premissleverandør i teknologiutvikling. Dei bruker det ypparste av moderne våpen, seier Erik Skare.

Smuglar inn våpen på Gaza

Hamas sine våpen veit vi mindre om. Også kvar dei kjem frå er usikkert.

– Heilt fram til slutten av 2000-talet sende Hamas opp heimelaga rakettar, som var amatørmessige. Dei hadde ein psykologisk effekt, meir enn dei kunne gjere fysisk skade, seier Skare.

To kvinner som ble holdt som gisler av palestinske Hamas-militanter, ble løslatt. Videoskjermbildet innhentet av Reuters 23. oktober 2023.

To israelske kvinner blei heldt som gissel på Gaza etter Hamas invaderte Israel. Her er dei saman med Hamas-krigarane då dei blei slepte fri.

Foto: Reuters

I seinare tid skal ingeniørar og militante frå Hamas ha blitt trena opp i Iran for å montere våpen.

Wall Street Journal skriv at 500 Hamas-krigarar i september var på treningsleir i Iran.

– Israel er ei atommakt, og Hamas ei geriljagruppe. Det betyr ikkje at Hamas ikkje kan gjere stor skade, men Hamas er ikkje, og har aldri vore ein eksistensiell trussel for Israel, seier Skare.

Hamas i 2012.

Den militære fløya av Hamas tilbake i 2012.

Foto: Reuters

På Hamas' premiss

Hamas er underlegne når det kjem til våpen, talet på personar og økonomi i krigen.

Det betyr ikkje at den varsla bakkeinvasjonen på Gaza vil vere ein enkel operasjon for Israel.

– At Israel er overlegne tvinger Hamas til å heile tida unngå Israel sine sterke sider, seier Heier.

Spesielt ein svakheit med Israel, prøver Hamas å utnytte:

– Israel har stolt for mykje på teknologi og for lite på menneske. Dronar, satellittar, og signaletterretning, og har heilt gløymt menneskeleg etterretning. Hamas har vist seg å vere svært dyktige på å halde korta inntil brystet.

Det at krigen går føre seg i eit tett befolka Gaza, er ein styrke for Hamas, seier han.

På Gazastripa bor det 2,3 millionar menneske. Området har same storleik som Mjøsa på 360 kvadratkilometer.

– Israel bli tvinga til å forlate dei godt beskytta pansra køyretøya sine, og risikerer ein motstandar kledd i sivil i eit av verdas vanskelegaste stridsmiljø.

Israelske panservogner på grensa mellom Israel og Gaza.
Foto: AFP

– Krigen kan ikkje bli løyst militært

– Om mange sivile liv går tapt, så vil det skape eit enormt sinne i den arabiske verda. Då kan leiaren bli tvungne til å bryte diplomatiske prosessar med Israel.

Dette er den største motstandarden til Israel, meiner Heier. Fleire av nabolanda har samarbeida med og til tider hatt eit godt forhold med Israel.

– Den regionale maktbalansen som dei seinaste åra har favorisert Israel, kan då gå i favør Hamas i rein sympati. Det er Israel sin største trussel.

Heier ser derfor ikkje ei militær løysing på konflikten.

– Mange sivile liv vil gå tapt. Denne krigen kan ikkje bli løyst militært. Israel vil nok vinne slaget i Gaza, men dei vil tape krigen. Det må til ei tostatsløysing, der ein dannar ein israelsk og ein palestinsk stat, seier Heier.

SISTE NYTT

Siste nytt