Hopp til innhold

Hellas: Fleire skjebnedagar i vente

Dagens toppmøtet i eurosonen vart kalla ein skjebnedag for Hellas. Men raskt vart det kunngjort at skjebnedagen er utsett til torsdag. Men då står mange andre viktige saker i kø. Så truleg blir det fleire greske skjebnedagar framover.

GERMANY-GREECE-DEBT-EU-ECONOMY-OFFBEAT

Ny tysk vodka kjem snart på marknaden. Inspirert av gjeldsforhandlingane mellom den greske statsministeren Alexis Tsipras og finansminister Yanis Varoufakis og den tyske statsministeren Angela Merkel.

Foto: UWE DEWITT / Afp

I dag kom finansministrane og regjeringssjefane i eurosonen til Brussel for å hamre ut ein avtale med den greske regjeringa. Det var eit skjebnemøte.

Formålet var å lage ein truverdig gjeldsplan, der den greske regjeringa lova omfattande reformer for å gjere A/S Hellas økonomisk berekraftig.

Så skulle regjeringssjefane feire at Hellas var redda. For denne gang. Men det skjedde ikkje og fleire statsleiarar er frustrerte.

Laster Twitter-innhold

No er neste skjebnemøte sett til torsdag. Det kan bli ein av mange skjebnedagar skal ein tru Financial Times.

TOPSHOTS-GREECE-EU-POLITICS-ECONOMY

Gjeldsavtalen med EU er særs upopulær i Hellas, og regjeringa har lova ein ny avtale. Men manglande resultat kan få dramatiske konsekvensar for det greske eurosamarbeidet.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Dette er dei viktigaste skjebnedagane

  • 25. juni: Hellas-krisa kan kome til å dominere EU-toppmøtet torsdag. Men timeplanen er allereie full. Storbritannias statsminister David Cameron har lova å kunngjere sin nye plan for å reforhandle det britiske forholdet til EU. Difor kan det hende ein må utsette forhandlingane.
  • 30 juni: Den andre økonomiske naudhjelpspakken utløpar. Hellas må betale 1,5 milliardar Euro til IMF. Har ingen avtale kome på plass vil ikkje eurosonen gje meir krisehjelp. Då har den greske statsministeren sagt han ikkje vil betale avdrag på gjelda til IMF.

Heldigvis kallar ikkje IMF «manglande betaling» konkurs, dei kallar det «restanse». Hellas hamnar likevel i det brokete selskapet til utviklingsland som har liknande betalingsvegring. Zimbabwe, Somalia og Cuba. Men det er ikkje over. Nye skjebnedagar ventar

  • 20. juli: Dette blir av mange analytikarar sett på som den verkelege skjebnedagen. Då må Hellas betale 3,5 milliardar Euro til den Europeiske sentralbanken. Financial Times meiner at det vil vere umogleg for Hellas å overleve i eurosonen om dei ikkje betalar avdrag til euroen sin eigen bank.

Direktøren for Den europeiske sentralbanken, Mario Draghi, seier at alt som skjer etter den 30. juni er ukjent farvatn. Så det kan kome fleire skjebnedagar utover hausten.

SISTE NYTT

Siste nytt