Hopp til innhold

Har vedtatt at Trump ikkje kan gå til krig utan godkjenning

Representanthuset i USA stemte i natt for eit vedtak som avgrensar krigsmakta til president Donald Trump. Det betyr at han ikkje kan gå til krig mot Iran utan deira godkjenning. – Latterleg, seier Det kvite hus.

Nancy Pelosi med klubbe i Kongressen

SETTER GRENSER: Kongressen har vedtatt at Trump ikkje kan setje i verk militære handlingar i Iran utan deira godkjenning.

Foto: Patrick Semansky / AP/NTB Scanpix

Avstemminga i Representanthuset vart halden på initiativ frå leiaren i huset Nancy Pelosi, som meiner likvideringa av den iranske toppgeneralen Qasem Soleimani var provoserande og uforholdsmessig.

I vedtaket heiter det at Trump må søke godkjenning frå Kongressen før han eventuelt set i verk nye militære handlingar mot Iran.

– Kongressen er på villspor. Faktisk er dette latterlege vedtaket berre eit politisk trekk, heiter det i ein uttale frå Det kvite huset, ifølgje The Voice of America.

Ikkje bindande

Resolusjonen er ikkje bindande for presidenten, som heller ikkje treng signere vedtaket. Men Pelosi insisterer på at det framleis er viktig «fordi det er ei erklæring frå USAs Kongress».

Ho meiner at vedtaket, ved å avgrense dei militære handlingane til Trumps, vil verne amerikanske liv og verdiar.

– Regjeringa må trappe ned og hindre ytterlegare vald, seier ho.

Forslaget vart vedtatt med 224 mot 194 stemmer, med nesten inga republikansk støtte.

Eit liknande forslag, sett fram av den demokratiske senatoren Tim Kaine, har små moglegheiter til å bli vedtatt i Senatet, sjølv om i alle fall éin republikansk senator, Mike Lee, har varsla at han vil stemme for det.

Det kvite hus: – Latterleg

I uttalen frå Det kvite hus kort tid etter, vart vedtaket feid bort som «latterleg».

– Det er presidenten sin rett og plikt å beskytte nasjonen og innbyggjarane mot terror. Det skal han halde fram med, og verda er tryggare på grunn av det, heiter det i uttalen.

Staben til Trump meiner vedtaket forsøker å undergrave dei amerikanske styrkane sin evne til å hindre terror, og at Representanthuset prøver å legger hinder i vegen for presidenten si makt til å beskytte landet.

– Som øverstkommanderande var det presidenten sin rett å slå til mot Soleimani, heiter det frå Det kvite hus, som og peikar på at vedtaket ikkje er bindande eller har nokon lovmessig verknad.

Trump uttalte seg ikkje sjølv om saka før han reiste til Ohio på eit valkamparrangement i natt norsk tid.

SISTE NYTT

Siste nytt