Hopp til innhold

Hamas nektar å godkjenne Israel

Hamas nektar å godkjenne Israel, men tilbyr ei 10 år lang våpenkvile.

Mahmoud Abbas i FNs generalforsamling i New York.
Foto: Keith Bedford, KEITH BEDFORD

Den islamistiske rørsla Hamas, som vann det palestinske valet i januar og har regjeringsmakta, står knallhardt på at dei ikkje kan godkjenne Israel sin rett til å eksistere.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas sa i FN i natt at ei ny palestinsk regjering vil godkjenne Israel, men dette vart kontakt avvist av Hamas i dag.

 Våpenkvile

Ein av rådgjevarane til statsminister Ismail Haniyeh sa i dag tidleg at Hamas aldri vil godkjenne Israel, men at dei kan tilby ei 10 år lang våpenkvile.

- Det vil vere bra for stabiliteten og velstanden, sa han

Hamas-statsminister Ismail Haniyeh vil ikkje godkjenne Israel.
Foto: Khalil Hamra, KHALIL HAMRA

Og svaret frå Israel er like klart. Israel krev at ei palestinsk regjering skal godta dei vilkåra som er sett av det internasjonale samfunnet,. Dette er  ei godkjenning av Israel sin rett til å eksistere, godkjenning av tidlegare inngåtte fredsavtalar og  slutt på all valdsbruk.

Ein talsmann for den israelske regjering, Avi Pasner, fnyser av Hamas sitt tilbod om ei 10 år lang våpenkvile. Israel vil ikkje ein gong vurdere eit slikt forslag, seier han.

Dermed ser det ikkje lyst ut for ei palestinsk samlingsregjering som kan føre til at dei internasjonale sanksjonane mot Hamas kan bli avslutta.

Abbas i FN

I ein tale til FNs generalforsamling i New York seint i går kveld norsk tid sa Mahmoud Abbas blant anna dette: - Eg vil gjerne forsikre om at ei kvar framtidig palestinsk regjering vil slutte seg til alle avtalar som PLO og dei palestinske styresmaktene har forplikta seg til.

Før han reiste til New York braut Abbas regjeringsforhandlingane med Hamas fordi organisasjonen, som har stått bak mange sjølvmordsaksjonar mot israelske sivile, nekta å godta at ei ny regjering skulle godkjenne staten Israel. 

SISTE NYTT

Siste nytt