Hopp til innhold

Halve Manila er under vatn

Minst 60 menneske har mista livet, og to millionar treng hjelp etter den kraftigaste flaumen på fleire år.

Flom i Filippinene

Flaumen i Filippinene kan framleis auke, då mykje vatn kjem til å renne ned frå fjella.

Foto: Jay Morales / Ap

Redningsmannskapa i Filippinene er no i gang med eit enormt opprydningsarbeid, etter at eit ekstremt regnvêr har etterlete tonnevis med møkk og skrap i gatene.

Monsun-regnet som starta på søndag, har ført til at 60 menneske har mista livet, i det som har vore den verste flaumen i Manila på fleire år. Dei fleste av desse har drukna, opplyser styresmaktene.

Meir enn halvparten av metropolbyen på 12 millionar var under vatn på det meste, og skular og kontor har vore stengt i fleire dagar.

(artikkelen held fram under biletet)

Flom i Filippinene

Ein dinosaurfigur tek seg eit gjørmebad. No startar den massive opprydninga i gatene i Manila.

Foto: Aaron Favila / Ap

Enorm opprydning

Rundt 2,4 millionar menneske i Manila og forstadane rundt har blitt råka av flaumen, og halvparten av desse er barn. Over 500.000 menneske har søkt ly i dei statlege evakueringssentera.

Sola kom tilbake på fredag, og innbyggjarane starta arbeidet med å fikse øydelagte heimar og butikkar dekka med gjørme.

– No vil det ikkje bli fleire redningar. No startar opprydningsfasen, seier Benito Ramos, som er sjef i sivilforsvaret.

Han seier at soldatar er blitt mobilisert for å hjelpe dei lokale styresmaktene med å fjerne dei enorme massene med gjørme.

Dårleg tilgang til reint vatn

Flom i Filippinene

Ei kvinne tek seg av eit lite barn på eit av dei mange evakueringssentra i byen.

Foto: NICOLAS ASFOURI / Afp

– Den humanitære situasjonen i Filippinene er svært vanskeleg. Folk bur svært tett i evakueringssentra, utan skikkeleg sanitærtilhøve og ureint vatn, seier Line Hegna som er kommunikasjonssjef i Redd Barna i Noreg. Ho er bekymra over konsekvensane etter flaumen.

– Me har fått varsel om fleire alvorlege sjukdommar som sprer seg, og mange små barn har stort behov for morsmelkerstatning.

– Korleis der Redd Barna på denne flaumen?

Dessverre er me frykteleg godt førebudd på det som no har skjedd. For me erfarer at dette skjer oftare og oftare.

Rådar nordmenn til å registrere seg

Ambassaderåd ved Noregs ambassade til Filippinene, Knut Are Okstad, fortel at det framleis er kaotiske tilstandar i millionbyen.

– I bybiletet er mange vegar stengt, og folk har store problemar med å kome seg på jobb. Alle dei ulike bydelane i Manila er råka på ein eller annan måte råka, seier Okstad.

Han fortel at det framleis er venta at vatnet vil stige. Dette er fordi mykje vatn har samla seg i fjellene, og vil renne ned til Manila via elvane.

Han seier at han ikkje har fått nokre meldingar frå nordmenn som har trengt hjelp.

– Eg anbefalar alle nordmenn som skal til Filippinene om å registrere seg på reiseregistrering.no, og å hugse å ha reiseforsikring.

SISTE NYTT

Siste nytt