Hopp til innhold

Opposisjonen roper om valfusk i Mosambik

Gårsdagens presidentval i Mosambik vert kalla det viktigaste nokosinne. Det sittande partiet ser ut til å vinne, men no meiner opposisjonen at det skjer på grunn av valfusk. Valobservatørar rapporterer derimot om eit fritt og rettvist val.

MOZAMBIQUE-ELECTION/ Nyusi casts his ballot in the general election at a secondary school in Maputo

Mykje tyder på at dette vert Mosambik sin nye president. Her kastar Filipe Nyusi sin røystesetel i valurna under gårsdagens val. Opposisjonen meiner at det også er kasta fleire ugyldige setlar i valurnene.

Foto: STRINGER / Reuters

Mozambique Elections

10,9 millionar menneske er registrerte som veljarar i Mosambik. I går gjekk dei til valurnene.

Foto: Ferhat Momade / Ap

MOZAMBIQUE-ELECTION/ Dhlakama speaks to the media after voting in Maputo

Afonso Dhlakama er opposisjonsleiar i Mosambik, og har i mange år leia Renamo. Han deltok også i borgarkrigen i Mosambik, men har tapt alle presidentvala han har stilt opp i.

Foto: STRINGER / Reuters

– Folk må forstå at valet ikkje var fritt, rettvist eller transparent, seier Afonso Dhlakama som er presidentkandidat for opposisjonspartiet Renamo ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Ulike meiningar om valfusk

Det var i går at Dhlakama stilte til val mot Frelimo-partiets presidentkandidat Filipe Nyusi. Det førebelse valresultatet viser at Nyusi kjem til å vinne valet med rundt 60 prosent av stemmene. Men Renamo meiner det har skjedd fleire typar av fusk rundt valet av president, mellom anna falske røystesetlar.

Men både Den afrikanske union og valobservatørar frå samarbeidsorganisasjonen for sørafrikanske land, SADC, har kalla valet for fritt.

– Basert på våre observasjonar, så kan SADC sine observatørar konkludere med at vala av president, regjering og regionale forsamlingar i Mosambik på generell basis har vore fredfulle, transparente, frie, rettvise og truverdige, sa Sør-Afrikas utanriksminister Maite Nkoana-Mashabane, på vegner av SADC.

Den nasjonale valkommisjonen i Mosambik ber no Renamo om å klage inn det dei meiner har blitt gjort feil ved valet, slik at dei rette instansane kan ta ei vurdering av påstandane om valjuks.

Vore gjennom lang borgarkrig

Regjeringspartiet Frelimo og opposisjonspartiet Renamo har vore dei to største partia i Mosambik sidan landet vart sjølvstendig frå Portugal i 1975. Og dei to partia har i lang tid vore militære rørsler som slåst mot kvarandre i borgarkrigen i Mozambique frå 1975 til 1992.

Frelimo oppstod som ei frigjeringsrørsle og kjempa lenge for at Mosambik skulle bli fritt frå Portugal. Og sidan landet vart sjølvstendig har partiet hatt makta i landet. Frelimo trekker mot ein kommunistisk tankegang, og opposisjonspartiet Renamo er eit såkalla antikommunistisk parti.

Fram til 1990 var Mosambik ein eittpartistat styrt av Frelimo, men sidan 1994 har det blitt halde fem val, som alle har enda med siger til Frelimo og tap til Renamo.

Og også i går tapte Renamo valet, men på grunn av aukande misnøye blant folket knappa opposisjonspartiet inn på leiinga til Frelimo. Regjeringspartiet har dei siste fire åra hatt rundt 75 prosent av seta i parlamentet, men i går klarte Frelimo berre å oppnå 63 prosent av stemmene.

For eit år sidan var det kampar mellom dei to partia, og Renamo sa då at den tjue år gamle fredsavtalen var historie, og at det var krig att i landet. Uroa vart etter kvart roa ned att, og i dag forsikrer opposisjonsleiar og presidentkandidat Dhlakama at det ikkje vil bli noko ny krig med det første.

LES OGSÅ: Annullerer tjue år gamal fredsavtale

LES OGSÅ: Seks drept i opptøyer i Mosambik

Rike på naturressursar

Mosambik har nyleg funne store mengder gass og kol, som har tiltrekt seg internasjonal merksemd. No er det knytt håp til at landet kan få ein økonomisk opptur, og at landets infrastruktur kan styrkast.

Årets presidentval har blitt kalla det viktigaste valet nokosinne i Mosambik.

– Investorar følger nøye med på kva som skjer i Mozambique, og ønskjer at det er stabilt og mogleg å føreseie kva som skal skje i åra som kjem, seier forskar ved Chatham House til AFP.

Trass i at landet har store naturressursar er skilnaden på rik og fattig framleis stor, og vert stadig større. Dette er også årsaka til at det er ei viss misnøye mot det sittande regimet.

LES OGSÅ: Økonomisk boom i Mosambik

LES OGSÅ: Kina bygger fabrikk i Mosambik

SISTE NYTT

Siste nytt