NRK Meny
Normal

Gruvearbeidarar sikta for drap

270 sør-afrikanske gruvearbeidarar som overlevde massakren ved Lonmin-gruva, vart arresterte for å ha provosert politiet. No er dei i tillegg sikta for å ha drept sine 34 kollegaer.

Politiet drepte 34 streikande arbeidarar i Sør-Afrika

34 ARBEIDARAR DREPNE: Her står politiet rundt fleire av dei som vart skotne 16. august. No er deira kollegaer sikta for drapa.

Foto: STRINGER / Afp

– Retten har i dag, i samsvar med lova, sikta alle dei arresterte arbeidarane for mord, seier talsmann for statsadvokatkontoret i Sør-Afrika, Frank Lesenyego.

Politiet drap 16. august 34 streikande gruvearbeidarar i Marikana. Det er den verste valdsepisoden i Sør-Afrika sidan apartheid-systemet vart oppløyst. Same dagen vart 270 streikande arbeidarar som deltok i kampane arresterte for provokasjon. No er dei altså sikta for drap på sine kollegaer.

– Dette er galskap! Heile verda såg at det var politiet som skaut og drepte arbeidarane. Ingen av politimenna er arresterte, seier Julius Malema, tidlegare leiar for ungdomspartiet til det regjerande ANC.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Politimann skyt mot demonstrantar

FEKK STERK KRITIKK: Politiet opna ild mot dei streikande gruvearbeidarane og drap 34 av dei. Etter det møtte dei sterk kritikk frå heile verda.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Enkelte av dei streikande gruvearbeidarane hadde våpen, og dette har vore eitt av politiets hovudargument i saka. Dei hevdar dei skaut i sjølvforsvar. Fagorganisasjonenar i Sør-Afrika meiner det er ei absurd avgjerd å ta ut siktelse mot gruvearbeidarane.

– Dette er eit forsøk på å truge gruvearbeidarane. Eg ser ikkje at det skal vere mogleg å kunne rettferdiggjere ein slik siktelse. Dette kan setje ein farleg presedens, seier Patrick Craven, talsmann for COSATU, Sør-Afrikas paraplyorganisasjon for fagorganisasjonar.

Lova som no vert nytta til å sikte arbeidarane er ei gamal lov frå apartheid-systemet, som gjev politiet enklare rettar til å arrestere større grupper av menneske for å utført kriminelle handlingar. To politimenn vart òg drepne 16. august.

Streikeaksjonane har halde fram etter skytinga ved Marikana-gruva. I fylgje gruveselskapet Lonmin møtte berre om lag sju prosent av selskapets arbeidsstyrke på 28 000 på jobb torsdag denne veka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt