Hopp til innhold

- Helsefarleg for dei innesperra

Medan dei ventar på å få kome opp og ut, måtte dei chilenske gruvearbeidarane måndag flytte lenger ned i den samanraste gruva.

Gruveulukke i Chile

Ein av dei innesperra gruvearbeidarane i Chile, Omar Orlando Reygada Rojas viser at han er ved godt mot trass i ein langdryg redningsoperasjon.

Foto: HO / Afp

Dei 33 gruvearbeidarane som har sete innesperra 700 meter under bakken sidan 5.august, måtte måndag flytte seg lenger nedover i gruva, opplyser CNN Chile.

Redningsarbeidarar meiner det ikkje er forsvarleg å opphalde seg på den staden der arbeidarane hittil har slått leir. Årsaka er den høge temperaturen og den fuktige lufta som er der inne.

Sender reiskapar

Dei har no flytta seg til ein tilfluktsstad 25 meter lenger nede, der det er tørrare og litt kjølegare.

  • LES OGSÅ:

Gjennom røyret som går frå overflata og ned til dei innesperra chilenarane, har det no vorte sendt lommelykter og andre reiskapar som dei skal benytte seg av for å installere seg i ei ny underjordisk sone.

Fekk vaksine

Boringa av ei redningssjakt skal etter planen starte måndag. Men arbeidet med å hente ut dei 33 er svært komplisert, og arbeidarane må truleg vente fram til oktober før redningssjakta som kan ta dei opp til overflata igjen står klar.

Det er no sendt ned klede til dei innesperra. Ein av arbeidarane har også fått vaksine for difteri og stivkrampe, melder chilensk CNN.


SISTE NYTT

Siste nytt