Hopp til innhold

Gravid kvinne knivstukken og drepen – barnet kritisk såra

Ei gravid kvinne vart knivstukken og drepen i London i dag. Barnet ho bar vart forløyst og teke til sjukehus.

Det var ved 03.30-tida natt til laurdag at politiet fekk melding om at ei gravid kvinne hadde fått hjartestans på ei adresse i Thornton Heath i Croydon i det sørlege London. Då politiet kom til staden saman med ambulansepersonell, fann dei ei 26 år gammal kvinne med knivskadar, melder Sky News .

Døydde etter kort tid

Dei fann raskt ut at ho var gravid i åttande månad. Kvinna døydde etter kort tid, og det ufødde barnet vart teke ut. Barnet vart så køyrt til sjukehus i ambulansen.

London Metroplitan Police opplyser i ei pressemelding at barnet er kritisk såra. Ein 37 år gammal mann er arrestert, mistenkt for ugjerninga. Politiet kjenner ikkje motivet for drapet.

– Forferdeleg hending

Etterforskingsleiar Mick Norman kallar hendinga forferdeleg.

– Ei ung kvinne er død og tilstanden til barnet hennar er kritisk. Våre tankar går til den nærmaste familien. Vi gjer alt som står i vår makt for å finne alle relevante fakta i denne saka, seier han.

Det er førebels uklart om det var ein relasjon mellom kvinna og den 37 år gamle mannen.

SISTE NYTT

Siste nytt