Hopp til innhold

Godstog kolliderte med malplassert minibank

Eit godstog i Tyskland spora delvis av torsdag morgon etter at det trefte ein stolen minibank som var plassert på togsporet.

Germany Cash Machine Derailment

Det er uvisst kva som var meininga med den malplasserte minibanken. Pengane som fauk til alle kantar vart raskt samla inn av politiet.

Foto: Roland Weihrauch / AP

Germany Cash Machine Derailment

Ingen vart skadde i den uvanlege kollisjonen. Men godstoget spora av og strekninga måtte stengast i nokre timar.

Foto: Arnulf Stoffel / AP

Den malplasserte minibanken var stolen frå togstasjonen i byen Dinslaken vest i Tyskland, skriv The Washington Post. Dei som stal minibanken plasserte den deretter på togsporet, slik at godstoget som skulle passere tidleg på morgonen knuste maskina og spora av.

Kontantane flagra

Minibanken vart knust, og kontantane vart spreidd utover området i hendinga som kunne minne om eit moderne Olsenbanden-påfunn.

Det er uvisst kva som var målet, for pengane som var inne i den knuste minibanken vart liggande til politiet kom til staden for å samle dei inn.

Politiet i Dinslaken seier til nyheitsbyrået Ap at ingen vart skadde i kollisjonen, men toglinjene var stengt i nokre timar. Det gjorde at toga mellom Nederland og det vestlege Tyskland måtte køyre alternative ruter.

Germany Cash Machine Derailment

Politiet i Dinslaken i Tyskland fjernar det som er att av den knuste minibanken. Pengane vart raskt samla inn.

Foto: Roland Weihrauch / AP

SISTE NYTT

Siste nytt