NRK Meny
Normal

Giftig heimebrent tok livet av minst 84

Minst 84 menneske er døde etter å ha drukke giftig heimebrent i eit slumområde i den indiske storbyen Mumbai, opplyser politiet i byen til AFP. Det er frykt for at talet på døde kan stige ytterlegare.

Mange døde etter å ha drukke heimebrent i India.

Slektningar av dei som døydde etter å ha drukke giftig heimebrent har samla seg i bydelen Maladi i Mumbai.

Foto: Ap

31 andre som har drukke av spriten er innlagde på sjukehus, og tilstanden er alvorleg for 13 av dei. Det er ikkje uvanleg med dødsfall som følgje av giftig heimebrent i India, men dette er det verste tilfellet sidan 2004.

Då døydde 104 menneske etter å ha innteke giftig heimebrent i bydelen Vikhroli i Mumbai.

Mistanke om metanol

Talet på døde er venta å stige også denne gongen. Det er mistanke om det var metanol i heimebrenten. Produsentane tilset ofte metanol i spriten for å auke mengda av alkohol på ein billeg måte.

Giftig heimebrent i Mumbai.

Ei sørgjande kvinne held fram biletet av ein familiemedlem som døydde etter å ha drukke giftig heimebrent i den fattige bydelen Malad i Mumbai.

Foto: STR / Afp

Metanol, også kalla tresprit, kan gjere dei som drikk det blinde. Spriten kan også gi alvorleg leverskade, og ved inntak av store mengder kan det vere dødeleg.

Ein talsmann for politiet seier at fem personar er arresterte for å ha distribuert spriten. I tillegg er åtte politifolk suspenderte for å ha tenesteforsømming. Dei er skulda for ikkje å ha slått ned på det ulovlege spritsalet i sine område.

Fattig bydel

Det var i den fattige bydelen Malad nord i den indiske finanshovudstaden at den farlege spriten vart distribuert. Det starta onsdag kveld. Dei som drakk av den billege heimebrenten vart sjuke straks etter inntaket.

Det er dei fattige som drikke denne heimelaga spriten i India. Folk er så fattige at dei ikkje har råd til å kjøpe lovleg alkohol, og dermed ser kyniske produsentar sitt snitt til å tene pengar på heimelaga sprit.

Ifølgje offentleg indisk statistikk døydde 725 personar etter å ha drukke giftig sprit i landet i 2012, medan talet var 1128 året før.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt