Det er under to månader igjen til presidentvalet i USA, og det ser ut til at den sitjande presidenten har skaffa seg eit forsprang på konkurrenten frå Det demokratiske partiet.
George W. Bush kom med sterk kritikk av motstanderen John Kerry på valmøtet i Parkersburg i West Virginia i går. (Foto: AP/Scanpix)
Newsweek
På ei måling som blir offentleggjort i magasinet Newsweek i dag får Bush ei oppslutning på 54 prosent, medan 43 prosent seier dei vil støtte Kerry.
Før helga viste også målinga i magasinet Time at presidenten leier med meir enn 10 prosentpoeng over Kerry.
Før Det republikanske partiet sitt landsmøte i New York sist veke, der Bush formelt vart nominert som presidentkandidat, låg dei to likt på meiningsmålingane. Faktisk hadde Massachusetts-senatoren John Kerry ei lita leiing på Bush.
Mediedekning
Observatørar peikar på at det ikkje er uvanleg å få ein oppsving på meiningsmålingane under partia sine landsmøte, som har brei mediedekning. Også Kerry fekk ein oppsving etter landsmøtet til Det demokratiske partiet i Boston, der han vart formelt nominert som presidentkandidat.
Andre igjen meiner at svertekampanjen mot Kerry i form av tv-reklame der Vietnam-innsatsen hans blir tekt i tvil, no viser igjen på målingane.
George W. Bush og visepresident Dick Cheney har køyrt hardt på at John Kerry ikkje er til å stole på. At han har vingla i viktige spørsmål, og at han ikkje er mannen som kan verne USA mot terrorisme.
Den amerikanske valkampen er knallhard, og det haglar med skuldingar på begge sider. Kerry prøver å gjere arbeidsløyse og andre økonomiske spørsmål til sentrale tema i valkampen, men terror og tryggingsspørsmål verkar vere viktigare for den amerikanske opinionen enn nokon gong før.
Skatt
Kerry har gått hardt ut mot Bush sitt forslag om skatteletter for dei som tener over 200.000 dollar i året, 1,4 millionar kroner, er forkasteleg. Bush på si side svarar at dersom det ikkje blir lågare skatt på dei rike, vil det bli skapt færre arbeidsplassar.
Det er førebels uklart om det blir ein direkte fjernsynsdebatt mellom dei to kandidatane. Sjefen for Bush-kampanjen ville i helga ikkje seie noko om det blir ein slik fjernsynsduell, men lovde ei snarleg avklaring.
Og det dukkar på stadig nye avsløringar om president Beorge W. Bush. Sist veke gjekk ein tidlegare militær ut og fortalde om korleis han hjelpte Bush med å kome seg unna militærteneste i Vietnam, og fekk han overført til najsonalgarden i Texas.
John Kerry på talarstolen i Ohio laurdag. (Foto: AFP/Scanpix)
Narkotika
Neste veke kjem ei ny bok om familen Bush, skriven av gravejournalisten Kitty Kelly. Her fortel ho blant anna at George W. Bush fleire gonger brukte kokain på Camp David, medan faren George Bush sr. var president i USA. Også fru Laura skal ha eksperimentert med narkotika, blir det hevda i boka.
Kjelda til opplysningane skal vere Sharon Bush, som tidlegare var gift med den yngste broren til presidenten, Neil. Ho blir i dag rekna som utstøtt frå familien.
Det har vore kjent at George W. Bush drakk mykje alkohol i ein periode, men han har ikkje vore nemnd i samband med narkotika.
I dag er Laura og George W. Bush djupt religiøse menneske som tek sterk avstand frå narokita. Presidenten er også fråhanldsmann.