Hopp til innhold

Gaddafi: NATO vil okkupere Libya

Gud vil ikkje godta at Vesten sigrar. Vi kjem til å vinne denne krigen, sa ein rasande Muammar Gaddafi i ein radiotale seint i kveld.

Muammar al-Gaddafi 2001

Muammar Gaddafi manar til kamp mot imperialismen.

Foto: DESMOND BOYLAN / REUTERS

Seint i ettermiddag la ein syrisk fjernsynsstasjon ut ein skriftleg bodskap frå Muammar Gaddafi, der han ber tilhengjarane sine halde fram kampen mot opprørarane og NATO .

- Vil okkupere Libya

I talen sin i kveld, som vart sendt ut av ein arabisk satellitt-kanal, skulda Gaddafi NATO for å ville okkupere Libya, slik at medlemslanda kan gjere seg nytte av naturressursane i landet. Han manar tilhengjarane sine til å drive geriljakrig mot fiendane.

- Kjemp mot imperialismen på same måte som foreldra dykkar gjorde, sa han i talen sin. Han heldt fram:

- Førebu dykk på gjen- og geriljakrigføring, for urban krigføring og motstandsgrupper i alle byer, vi skal sigre over fienden same kvar han er,

- Sirte er ny hovudstad

Han sa også at hovudstaden i Libya no er flytta frå Tripoli til Sirte, ein av dei få byane der tilhengjarane av Muammar Gaddafi framleis har kontrollen. Sirte er også fødebyen til Gaddafi, og det er i dette området stammen han kjem frå, høyrer til.

- Imperialist-maktene vil erobre det libyske folket. Vi vil heller døy enn å bli styrte av vestmaktene. Vi vil aldri tillate at Liba skal bli ein koloni. Libyas jord vil bli til flammar som skala brenne inntrengjarane.

Han bad NATO om å stanse angrepa mot Libya og late innbyggjarane i landet sjølve kome fram til ei løysing. Han sa også at stammefolka i Libya alltid vil stå mot inntrengjarane.

- Teikn på desperasjon

Ein talsmann for opprørarane seier at talen til Gaddafi viser kor desperat den tidlegare diktatoren er no. - Dette er berre krampetrekningar, seier han.

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt