Hopp til innhold

Gadaffi refsar Obama

Gadaffi trur Obama føler seg mindreverdig fordi han er mørkhuda.

Gadaffi talar til folket
Foto: Abdel Magid Al Fergany / AP

Den libyske diktatoren, oberst Muammar al-Gadaffi, kritiserte i dag den amerikanske presidentkandidaten Barack Obama, for å vere for israelvennleg, melder BBC.

-Vår kenyanske bror

Kritikken kom i samband med Gadaffi sin tale under markeringa av at det var 38 år sidan amerikanske soldatar evakuerte Tripoli.

Gadaffi sa vidare i talen sin, at han trudde Obama, som han refererte til som ”vår kenyanske bror,” er for oppteken av å bevise at han er ein kvit mann, i staden for å handle i solidaritet med afrikanske og arabiske nasjonar.

Meir kvit enn dei kvite

- Eg fryktar at Obama vil oppføre seg meir kvit enn dei kvite, fordi han er ein svart mann med mindreverdigheitskompleks, sa Gadaffi.

Dette meinte Gadaffi var ei tragedie, som likevel avslutta talen sin med ei oppmuntring til Obama.

- Vi seier til Obama, at han må vere stolt av seg sjølv som svart, og føle at han har heile Afrika bak seg.

SISTE NYTT

Siste nytt