Hopp til innhold

Full krangel om grava til general Franco

Den spanske regjeringa vil flytte grava til diktatoren Francisco Franco til ein stad der publikum ikkje har tilgjenge. Familien svarar med å ville flytte grava til ein av dei mest besøkte katedralane i Madrid.

Grava til Franco i Spania.

Det er full strid i Spania om kva som skal skje med dei jordiske leivningane til diktatoren Francisco Franco, som døydde i 1975.

Foto: Oscar Del Pozo / AFP

Franco styrte Spania med jernhand frå han gjekk sigrande ut av borgarkrigen og fram til han døydde i 1975. Han har framleis sterke støttespelarar i landet, men den ferske regjeringa til Pedro Sánchez (PSOE) ynskjer å fjerne alle offentlege monument som kan fungere som samlingsplass for Franco-tilhengjarane, melder EL Pais .

Franco

General og diktator Francisco Franco si velmaktsdagane sine.

Foto: www.claremontmckenna.edu

Franco er gravlagd i Dei falnes dal (Valle de los Caidos), eit gigantisk gravmonument regimet hans reiste for å heidra dei som døydde på fascistane si side under borgarkrigen. Monumentet, som også husar ein stor kyrkjebygning, ligg rundt 50 kilometer utanfor Madrid.

Fjerning av grava

Pedro Sánchez, som vart statsminister tidlegare i år etter at det vart vedteke mistillit mot den sitjande konservative regjeringssjefen Mariano Rajoy, var raskt ute med å love å fjerne grava til Franco frå monumentet.

Spanias statsminister Pedro Sanchez.

Grava til general Franco har vorte ei vanskeleg sak for statsminister Pedro Sánchez.

Foto: Susana Vera / Reuters

Det viktigaste for Sánchez er å hindre at grava til Franco blir ein samlingsplass for tilhengjarane hans.

Franco sine attlevande familiemedlemer nektar å godta avgjerda frå regjeringa . Dei seier at dersom grava må flyttast frå Valle de los Caidos, så vil dei gravleggje han i familiekrypten i Almudena-katedralen sentralt i den spanske hovudstaden. Der er blant andre Franco-dottera Carmen Polo gravlagd.

La Almudena er ein gigantisk katedral som blir besøkt av tusenvis av turistar kvart år.

Almudena-katedralen i Madrid.

Familien truar med å flytte grava til Franco til Almudena-katedralen i Madrid, der fleire andre frå Franco-familien er gravlagde.

Foto: Juan Medina / Reuters
Demonstrasjon i Madrid

Fleire hundre menneske demonstrerte mot at general Franco si grav skal flyttast til Almudena-katedralen i Madrid.

Foto: Juan Medina / Reuters

Regjeringa nektar

Regjeringa nektar å godta dette. Dei fryktar at katedralen kan bli ein samlingsplass for Franco-tilhengjarar som ynskjer at Spania igjen skal bli styrt i fascistleiaren si ånd, og det er dei på ingen måten interesserte i.

Såra etter den spanske borgarkrigen er enno ikkje grodde. Meldinga om at familien ville gravleggje Franco i Almudena-katedralen, har ført til reaksjonar. 25. oktober samla fleire hundre menneske seg utanfor katedralen i protest mot planane, og med krav om at regjeringa må sette ned foten.

Den spanske regjeringa har prøvd å få Vatikanet til å mekle i striden med Franco-familien, men den katolske kyrkja vil ikkje ta på seg ei slik rolle. No prøver regjeringa å få gjennom ei lov, der det konkret heiter at Franco ikkje kan gravleggjast på ein stad som er open for publikum, seier ei partikjelde til El Pais.

Valle de los Caidos.

Ein mann gjer ei fascisthelsing på minnemonumentet Valle de los Caidos utanfor Madrid.

Foto: Oscar Del Pozo / AFP

Kan bli utsett

Går denne lova gjennom, må familien finne ein gravstad som er stengt for besøkande, men det er uklart om forslaget vil få fleirtal i nasjonalforsamlinga. Mykje tyder på at ei avgjerd om kva som skal skje med grava til Franco, kan bli utsett på ubestemt tid, ifølgje den spanske storavisa.

SISTE NYTT

Siste nytt