Hopp til innhold

Fryktar utbrot i sovande vulkan på Island

Det er 290 år sidan vulkanen Öræfajökull sist hadde utbrot. No fryktar islandske ekspertar at eit nytt utbrot kan vere i emning. Du kan sjå video frå isbreen over vulkanen her.

VIDEO: Sjå flybileta av isbreen over Öraefajökull.

Reynir Bödvarsson, sjølv islending og seismolog ved Universitetet i Uppsala i Sverige, seier til Sveriges Television (SVT) at det skjer noko under isbreen som ligg over vulkanen.

– Det er noko på gang. Det er registrert fleire jordskjelv og annan seismisk aktivitet i området, og smeltevatnet som renn frå isbreen luktar svovel, seier han. Video av området teken frå fly viser at det er sprekkar i isen.

Öraefajökull

Ikkje sikkert

Bödvarsson seier at dette samla kan vere teikn på at det nærmar seg eit utbrot, men det treng ikkje bety at utbrotet er nært kommande. Det kan vere snakk om normal geotermisk aktivitet.

Men det er ingen tvil om at det har blitt varmare under breen, slik at isen sekk nedover.

– Det skumle er at Öræfajökull er ein farleg vulkan, fordi det oppheld seg mange menneske svært nær. Fleire småbygder ligg like ved, seier han.

Det meteorologiske instituttet på Island har heva beredskapsnivået til gult. Öraefajökull er ein del av den største isbreen på Island, Vatnajökull. Om det kjem til eit utbrot, så vil vulkanen spy ut glødande straumar av lava. I tillegg kan det kome enorme flaumar av smelta brevatn.

Dette er flaumar som kan øydeleggje alt rundt seg.

Kort tid til evakuering

– Det oppheld seg dagleg rundt 2000 menneske i den direkte nærleiken av vulkanen, de fleste er turistar. Når utbrotet først kjem, så vil ein ha veldig kort tid å få evakuert dei, seier den islandske seismologen.

Det islandske departementet for sivil tryggleik og kriseberedskap vurderer fortløpande om det er naudsynt å innføre ei tryggingssone rundt vulkanen.

Dei siste månadene har ytterlegare to islandske vulkanar vist teikn på at utbrot nærmar seg. Det er Katla og Bárdarbunga, som hadde utbrot på seint som i 2014.

Stansa flytrafikken

NRKs reporter Jan Espen Kruse besøkte Katla tidlegare denne månaden . Eit utbrot i Katla kan også føre til ei stor flodbølgje, og det er auka overvaking av også denne vulkanen.

I 2010 var det utbrot i vulkanen Eyafjallajökull . Ei gigantisk oskesky stansa flytrafikken i store delar av Europa i fleire dagar. Og både Bárdarbunga, Katla og Öræfajökull kan skape endå større problem enn det Eyjafjallajökull gjorde då.

VIDEO: Jan Espen Kruse rapporterer frå toppen av Hekla.

SISTE NYTT

Siste nytt