Hopp til innhold

– Vulkanen misser kraft

– Vulkanutbrotet under Eyafjällajökull er i ferd med å bli svakare. Eg reknar med at det vil døy ut i løpet av frå ei veke til ein månad, seier vulkanolog Armand Hoskuldsson.

Video NRK fløy over vulkanen

NETT-TV: NRK flaug i helikopter over vulkanen på Eyafjällajökull. Reporter Jan Espen Kruse seier dei flaug så nært som forsvarleg med helikopteret. - Vulkanen ser langt frå daud ut. Det spruta opp lavasteinar og eksplosjonane kom i ulike fargar. Nokon mørkegrå med lava, og dei kvite med vassdamp, seier han.

Island: Bent Tandstad
Foto: NRK

Armand Huskuldsson meiner teikna blir stadig tydlegare på at vulkanen er i ferd med å roe seg ned, og at det no er håp om å sjå slutten på utbrotet. Geologen vi snakke med i går sa det same, men teikna er no enda tydelegare til at utbrotet kan vere i ferd med å gå over.

LES: Slik er luftrommet over Europa nå.

LES: Slik er luftrommet over Norge nå.

– Ikkje fare for Katla-utbrot

Vulkanolog Armand Hoskuldsson.

Vulkanolog Armand Hoskuldsson.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Og når det gjeld den store vulkanen Katla, som mange her på Island har frykta skulle få eit enda kraftigare utbrot, har vulkanologen dette å seie:

– Katla ja, det er det store spørsmålet. Som vi sagt mange gonger før. Det kjem eit utbrot i Katla, men ingen veit når. Det er ikkje noko som tyder på at det vil skje raskt, og at det vil ha noko med dette utbrotet å gjere, seier Huskuldsson.

LES: – Mange har det forferdeleg

LES: Presidenten skapte frykt på Island

Det blir arrangert helikopterturar opp til vulkanen, og Huskuldsson er sterkt kritisk til mykje av denne trafikken. Han er spesielt kritisk til dei helikoptera som landar på kanten av krateret.

– Det er livsfarleg, og eg gir dykk dette rådet. Er du trøytt av livet, så ta ein slik tur, seier Huskuldsson.

Vulkanologen seier at berre eit lite utbrot kan øydeleggje eit helikopter.

– Det skal ikkje meir til enn at ein stein treff helikopterkroppen, og utbrotet kan også kvele motoren. Eg åtvarar på det sterkaste mot dette, seier han, og minner om dei enorme kreftene som vulkanen frigjer.

Iceland Volcano

Bilete av vulkanen i dag viser at han fortsatt spyr ut damp, støv og aske på breen Eyafjällajökull på Island.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Letta stemning

På ein pressekonferanse tidleg i dag var det lite nytt å kome med om situasjonen. Trenden er den same som i går, og det er tydeleg å merke ei letta stemning i området. I går var det ei gryande optimisme å spore, men først i dag torer verkeleg folk å tru at det kan vere over.

Eyjafjallajokull på Island

I dag skinner solen ved Eyjafjallajökull. Vulkanen til høgre for midten i biletet.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Men bak alt ligg framleis frykta for at den mykje større vulkanen Katla skal bryte ut. Den islandske presidenten gjorde sitt til at denne frykta fekk ny næring for eit par dagar sidan, då han i eit intervju med BBC gjekk ut og sa at det berre var eit tidsspørsmål før Katla ville eksplodere, og at det ville bli eit mykje kraftigare utbrot enn det vi har sett under Eyafjällajökull.

Han har fått mykje kritikk for dette frå mange hald her på Island, ikkje minst frå vulkanekspertane. Men også frå media, og ikkje minst frå turistnæringa.

Turistnæringa skuldar han for å skremme bort turistane, og at det siste Island treng no er færre turistar. Andre meiner han kom med utspelet overfor BBC fordi han gjerne vil ha fokus bort frå dei økonomiske problema landet har.

Miste mykje kraft

Det islandske sivilforsvaret seier at intensiteten frå Eyjafjällajökull-utbrotet har falt med 80 prosent sidan toppen i helga.

– Dei siste opplysningane vi har er at utbrotet har omlag 20 prosent av krafta som herja på løurdag, seier talsperson Ingveldur Thordardottir til AFP.

– Røyksøylen når langt mindre enn tre kilometer opp i lufta, legg ho til.

LES: – Nesten ikke askeutslipp nå

Volcano Iceland

Bilete fra 20. april frå eit web-kamera ved Valahnuk-fjellet like ved Eyjafjallajökull.

Foto: AP

Godt nytt for flytrafikken

Thordardottir seier at vinden, som no bles røyken mot søraust og Europa, skal endre retning i løpet av dagen og blåse mot sørvest og Atlanterhavet.

Norgeg sitt luftrom er ope, og i løpet av dagen vil dei fleste av Europas flyplasser igjen være åpne for flytrafikk . Fortsatt vil mange flyavgangar vere kansellerte. Flyselskapa seier det kan ta dager og veker før trafikken er tilbake til normalen etter seks dagar nesten utan flytrafikk.

SISTE NYTT

Siste nytt